Støttekonsert i kyrkja

DSC_0157.jpg

Omlag 90 personar var på plass i kyrkja vår då søstrene Anne og Hege, samt vårt eige kyrkjekor gav oss ei flott konsertoppleving fredag kveld.
Arrangementet var ei utstrakt hand og ein støttekonsert til den lidande og forfulgte kyrkje i verda i dag.
Ole Lilleheim frå organisasjonen Åpne Dører viste filmsnuttar og fortalte om omfattande forfølgelse og trakassering av kristne i 133 land, derav born som også vert ramma hardt.
Sterkt å ta innover seg og ei påminning om kor godt me sjølve har det!
Takk for ein flott kveld og til Unni Østhus som var initiativtakar til arrangementet og "brennande" for saka!

Sjå nokre bilete og ein videosnutt frå kvelden under.

Tekst/video: Joar Sandanger. Foto: Håvard Østhus

Ut å ete på Fogn i helga?

Kjøttkaker.jpg

Sidan vi ikkje har nokon restaurant på Fogn, er det stor stas kvar gong Helselaget inviterer til middag på oppvekstsenteret. Dette er ein årleg tradisjon, og dette året skjer det søndag 2. februar. Då kan alle som vil koma til oppvekstsenteret, kjøpa seg middag, og få dessert og kaffi på kjøpet. Når ein i tillegg veit at det plar vera god oppslutning og stemning på desse middagane, bør ein ha ein god grunn for å halda seg vekke!

God middag frå klokka 13.00-15.00 på søndag!

Trygg is i nokre dagar?

Foto: Hans H. Bjørstad

Foto: Hans H. Bjørstad

Etter ein lengre periode med temperaturar rundt og under frysepunktet, ser det nå ut til å vere trygg is på enkelte av dammane på Fogn. Fogn.org veit at fleire har fått prøvd skøyteferdigheitene på Torvmyrå på Varland dei siste dagane. Tysdag vart det målt 12 cm tjukk stålis her, noko som er rundt seg grensa for trygg is. Det finnes ikkje nokon fasit på kor tjukk isen må vere for at den skal vere trygg, men det er vanlegvis snakk om mellom 10 og 15 cm. I og med at temperaturane vil halde seg nokså låge fram til laurdag, vil det sannsynlegvis verta mogeleg å gå på isen i nokre dagar framover. Samstundes ser det viktig å understreka at all ferdsel på islagte vatn skjer på eige ansvar. Sjølv om det er 12 cm enkelte plassar, er det ikkje nødvendigvis så tjukk is overalt. 

Dersom nokon er på isen, og vil dele eit blinkskot av eit bilete med oss på Fogn.org, tek vi gjerne imot dette på mail: fogngrendalag@gmail.com!

Sprekingar trossa vinden for topptur!

bilde 4.JPG

Ein skulle gjerne tru at ein søndagsstur til Ørnakulå ikkje ville slå så godt an, med tanke på ein kraftig austavind, overskya og ein gradestokk som sleit med å bestemme seg om den skulle vise raude eller blå grader. Men trass den noko sure ramma, var det omlag 30 fognbuar som tok ut på tur, og kom seg opp på Fogns høgaste topp, Ørnakulå! Dette var idrettslaget sin fellestur i januar, og så vil det etter planen bli ein ny tur den siste søndagen i kvar månad framover. Idrettslaget håpa i det lengste at det skulle kunne bli ein tur på isen denne søndagen, men den er ikkje trygg nok (enno), så ein slik tur vil vi kanskje få seinare i vinter?

Under er ein serie med bilete frå turen. Tusen takk til Jakob og Jørgen Bø jr som har knipsa og sendt inn bileta!

Aktivitetstilbod for born - Fogn IL

Zumba.JPG

Idrettslaget har mange aktiviteter for born, der dei fleste av dei har hatt ein pause dei siste månadane. No går vi mot lysare tider, og aktivitetane starter opp att. Alt dette finn du sjølvsagt i kalenderen vår, men under er all informasjonen samla på ein plass.

Til info bør det nemnast at fotballtreningane er inne i gymsalen i januar og februar, og så ute i bingen frå mars av.

 

 

Tysdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 2.-3. klasse. Rasmus og Pål er trenarar

Onsdag - kl. 17.30-18.30: Fotballtrening 1. klasse. Trond Egil, Gordon og Helene er trenarar.

Onsdag - kl. 18.30-19.30: Fotballtrening 4.-6. klasse. Foreldregruppe v/ Kristoffer er ansvarlege.

Torsdag - kl. 17.00-18.00: Hopp og sprett for 0-7 åringane i følge med vaksne. Mallin er ansvarleg.

Fredag - kl. 17.30-18.30: Friidrett 5.-7. klasse. Helge er ansvarleg.

Laurdag - kl. 12.15-12.45: Barnezumba t.o.m. 7. klasse. Monika er ansvarleg.

 

Barneveke? Kva er det?

Kristoffer Georg Aase skal ha andakt og opplegg på bedehuset når det no vert arrangert barneveke.

Kristoffer Georg Aase skal ha andakt og opplegg på bedehuset når det no vert arrangert barneveke.

I aktivitetskalenderen vår her på Fogn.org, står det at det frå onsdag - fredag denne veka skal vere barneveke på bedehuset. Det vil vere barnemøter klokka 18.00 desse tre kveldane. Då dette ikkje er ein (av dei mange) årlege tradisjonane på Fogn, er det kanskje nokon som lurer på kva dette eigentleg er for noko? Det er gutte- og jentelaget som arrangerer denne veka, og vi sendte ein mail med nokre spørsmål til Margrete Frafjord, som er hovudansvarleg for det som skal skje.  

Kvifor arrangerer de barneveke?
Målet med barneveke er at ungane på Fogn skal bli meir kjent med Jesus. Det er ein tøff verden der ute, og vi synest det er viktig at ungane blir kjent med ein Gud som elsker dei, ein dei kan komme til med alt.

Kva skjer på eit møte i ei barneveke?
På samlingane vil det bli andakt, leik, og mat. Vi får besøk av Kristoffer Georg Aase, som er barne- og familiearbeidar i NLM Region Sør-vest.

Har det vore arrangert liknande veker før på Fogn?
Det har vore barneveker på Fogn før, fleire gonger faktisk, med god oppslutning.

Kven kan kome på desse møta?
Alle er velkommen. Siden det er jente og guttelaget som arrangere dette er det lagt opp som et barnemøte. Men like så viktig at det er barn på "voksenmøter" er det viktig med voksne på barnemøter.

Vi ynskjer lukke til med barneveka!