OL-tippinga nærmar seg...

Photo 10.01.14 20 38 50.jpg

Vinter-OL i Sotsji nærmar seg med stormskritt, og mange gler seg til meisterskapet. Dei siste åra har Fogn.org arrangert tippekonkurranse når det er store meisterskap, og det er tilfelle og med OL 2014. Vi vil vente med å legge ut sjølve tippekonkurransen til den norske troppen er bortimot klar, men vil alt no byrje oppladninga med eit lite intervju med ein av dei to som delte sigeren i førre konkurranse. Då det var VM på ski i 2013 delte Pål Rune Grønås og Leif Thorsen sigeren, og det er førstnemnde som har uttalt seg om den komande tippekonkurransen. Sjå videoen under,  og heilt i botnen av saka ser du heile resultatlista frå førre tippekonkurranse.

NR

1

1

3

3

3

6

6

8

9

10

10

10

10

14

15

15

17

17

19

20

20

20

23

23

23

26

27

28

29

29

Namn

Leif Thorsen

Pål Rune Grønås

Jørgen Bø dy

Jon Håkon Østhus

Karl-Tore Østhus

Simon Madland

Kjetil Sunde

Geir M. Økland

Tor Kristian

Ole Jakob Kjølvik

Paul Arne Aano

John Fredrik

Anne Østhus

Elisabeth Sandanger

Helge M Iversen

Tollef Byrkjedal

Ørjan Klev Ladstein

Håvard Østhus

Ivar Opsal

Bjørg Aase

Janne Aano Bø

Jakob Bø

Eirik Runestad

Julie Bø

Jostein Gard

Johan Eggebø

Josef Bø

Kristian Sandanger Iversen

Ole Johan Sandanger

Jon Olav Østhus

Poeng

68

68

66

66

66

64

64

63

62

60

60

60

60

59

57

57

56

56

55

54

54

54

53

53

53

52

51

48

42

42

Papirbretting? Flatvev?

Skjermbilde 2014-01-09 kl. 17.59.44.png

Finnøy husflidslag inviterer til fleire ulike kurs i vinter/vår. Dei har bede oss om å leggje ut ei oversikt av desse kursa. Som de vil sjå, vert det mellom anna arrangert kurs i papirbretting her på Fogn. Prisane i oversikta gjeld for medlem/ikkje medlem, og påmelding må skje innan 12. januar, altså nokså snart.

Påmelding skjer til:

 

Edvar Nåden (40407624/enaden@hesbynett.no)

Dagrun Bø (98677994/dagrun.bo@norgespost.no).


Kursinnhald

Trearbeid

 

Flatvev

 

Kontursaging

 

Papirbretting

Kurshaldar

Torleiv Hebnes

 

Dagrun Bø

 

Einar Eltervåg

 

Niole Krivicivene
Edita Baltrusaitene

Oppstart

13.01 kl.13.30

 

16.01 kl09.00

 

Med. jan

 

10. feb

Tid

40t

 

40t

 

8t

 

12t

Stad

Hobbystova

 

Vevstova

 

Hobbystova

 

Fogn skule

Pris

kr 900/1000

 

kr 900/1000

 

kr 400/500

 

kr 500/600


Årsmøte i Finnøy husflidslag vert tysdag 21. januar kl. 19.00 i Fleirbrukshallen.

Erna Wensink fortel om prosjektet "Finnøyullteppet" og viser spinning og filting av ulike typar ull frå Finnøy. 

Alle er velkommen til møte og kurs!

Noko til kalenderen?

Sjølve hjartet på Fogn.org, kalenderen vår, treng ofte ein real oppdatering i starten av januar. Dette handlar gjerne om at lag og organisasjonar lagar halvårige arrangementsplanar, som skal rullerast ved nyttår. Fogn.org har mottatt ein heil del aktivitetsplanar frå div. lag og foreningar, men ynskjer som kjent å ha ei tilnærma komplett oversikt over dei opne arrangementa som vert gjennomførte her på øya vår. Dette handlar mest om at det er praktisk å ha ei slik oversikt for dei som bur og ferierer her, men det er òg eit poeng å vise omverda at vi er eit levande samfunn! Grendalaget sin visjon er som kjent "400+", der talet står for antall personar som bur på Fogn. Når folk vurderer å flytte til ein ny plass, er det nokså sannsynleg at dei "Googlar" dei aktuelle stadene. Då er det kjekt om dei som hamnar på Fogn.org får sjå at det ikkje manglar på tilbod om dei vil flytte hit til oss!

Vi set difor stor pris på om de melder inn arrangement/aktivitetar til Fogn.org. Dette kan gjerast ved å klikke på "Kalender" eller "Kontakt oss" i toppmenyen, via mail til fogngrendalag@gmail.com, på telefon til Håvard på 93 44 59 13, eller via ein god gammaldags lapp i postkassa til same person.

Takk til alle frivillige som gjer ein kjempeinnsats for samfunnet vårt!

Søppeltømming 2014

garbage-can1.jpg

Søppeltømming kan seiast å vera ein av dei (mange) tinga som fungerer godt på Fogn. Rymi sender ut ein kalender i starten av året, som seier at dei stort sett kjem til Fogn annakvar onsdag, og så kjem dei og hentar søpla vår til avtalt tid. Likevel klarar mange av oss å rote til datoane, og gløyme ut om det faktisk er søppeltømming neste veke, eller om det alt er to veker sidan dei var her førre gong. For ikkje å snakke om dei gongane onsdag er ein heilagdag, som t.d. 17. mai, eller 1. juledag. Og kor hadde eg lagt den kalenderen igjen...

Heldigvis finst RYMI sin kalender i digital utgåve, slik at vi alltid kan finne ut når det er tid for å sette fram bosspannet vårt, og når vi faktisk ikkje treng å gjennomføra denne, nokså tiltakskrevande, aktiviteten. Denne digitale kalenderen får du tak i på Rymi sine nettsider, eller ved å klikka HER. 

NB! Denne kalenderen er tilgjengeleg gjennom ei eiga lenke, nede til venstre på framsida til Fogn.org.

Korleis gjekk det eigentleg?

For nøyaktig eit år sidan, på nyttårsafta 2012, publiserte vi nyttårsforsetta til fire staute karar frå Fogn. Artikkelen vart den gong avslutta med setninga: "Så får vi heller køyre ei lita sak på korleis det gjekk når 2013 er på hell". Året er så definitivt på hell, og vi har vore i kontakt med deltakarane, og høyrt korleis det gjekk med forsetta deira. 

Ottar.jpg

Namn: Ottar Sandanger

Nyttårsforsett: Eg vil få uttrykt endå klårare kor takksam eg er for å få bu i dette gode landet vårt.

Slik gjekk det: Kunne nok vore flinkare til å minna meg sjøl og andre om at me som lever og bur i Norge når for tida er særs heldig stilt. Me nærast "vassar i luksus" frå morgon til kveld - dag etter dag. Økonomisk og materielt har neppe noko "folkeslag" hatt det gunstigare.
2013 var valår - hadde nok det i tankane då eg sa det eg gjorde ved inngongen til året. Demokratiet fungerte, valet var gjennomført på framifrå vis og ny regjering innsett - alt dette utan at det vart løyst skot i gatene. Det er ikkje sjølvsagt under alle regimer, heller ikkje mellom dei som reknar seg som demokratiske. I året som nå kjem skal me feira at Grunnlova vår er vorten 200 år, 1814-2014. La 2014 verta ei hylding til demokratiet - for ikkje å seia sosialdemokratiet.


Eirik.jpg

Namn: Eirik Runestad

Nyttårsforsett: Eg ska læra å dansa swing!

Slik gjekk det: Eg og Ivar fant et kurs, men så blei alt utsatt heilt til me gløymte det ut...


Ivar.jpg

Namn: Ivar Opsal

Nyttårsforsett: Eg ska vinna Tour de Fogn!

Slik gjekk det: Ivar gjorde det historisk dårlig i Tour de Fogn, og endte til slutt på ein 5. plass. Når han får spørsmål om korleis det gjekk med nyttårsforsettet svarar han kort og godt: "Eg trur det må vera ein feil, eg vant jo fognamilå"!


Pål.jpg

Namn: Pål Rune Grønås

Nyttårsforsett: Trene mer, spise mindre, bruke mer og bedre tid med barna, jobbe mindre, mindre internettsurfing og mindre TV.

Slik gjekk det: Det gikk i dass, sånn som det alltid gjør!

Fyrverkeri klokka 19

Det er nyttårsaften, og mange ser fram til å sjå at himmelen vert lyst opp av fyrverkeri! På Fogn er det ikkje tradisjon for offentleg oppskyting av slikt, men i år er det drege igong eit privat initiativ med tanke på dei yngste. Trond Egil Sivertsen vil senda opp litt fyrverkeri frå fotballbanen klokka 19.00 ikveld, slik at dei som ikkje er oppe heilt til midnatt òg får med seg litt. Det er sjølvsagt lov å stille med eige fyrverkeri, og sende det opp frå fotballbanen. 

Det som derimot IKKJE er lov, er å senda opp fyrverkeri frå fotballbingen. Dette kan i så fall gå stygt utover dekket i bingen, noko som er svært dyrt å reparera.

Vi ynskjer alle ei god, og sikker feiring av det nye året!