Rapport frå Romjulscupen 2013

Vinnarlaget med det kreative namnet "Fogn" bestod av: Anne Martha Straumstein, Kristel Borgemyr, Mallin S. Iversen, Øyvind Sandanger, Helge Magnar Iversen, Gordon Sunde og Håvard Østhus

Vinnarlaget med det kreative namnet "Fogn" bestod av: Anne Martha Straumstein, Kristel Borgemyr, Mallin S. Iversen, Øyvind Sandanger, Helge Magnar Iversen, Gordon Sunde og Håvard Østhus

Romjulscupen i volleyball gjekk av stabelen søndag 29, desember på Fogn oppvekstsenter. Omlag 80 personar møtte opp for å anten spela sjølv, eller vera tilskodarar. Dei seks påmelde laga gjekk først igjennom gruppespelet, der dei to beste laga i kvar gruppe gjekk vidare til dei semifinalane. Den første semifinalen vart spelt mellom laga "Fogn" og "Chickenwing", og det var Fogn som trakk det lengste strået og sikra seg finaleplass. I kveldens andre semifinale var det "Fognafox" som slo "Team Østhus", og sikra seg den siste finaleplassen. "Team Østhus" vann forøvrig bronsekampen, og kunne gå nokså nøgde heim.

Finalen starta særs jamnt, og "Fognafox" vann det første settet 25-22. Deretter slo "Fogn" tilbake og vann det andre settet 25-21, noko som gjorde at alt skulle avgjerast i tredje og siste sett. Dette settet vart aldri skikkeleg spanande, og Gordon Sunde kunne til slutt nytte hælen til å prikke inn matchballen for "Fogn", som dermed vart det første laget som vann den "splitter nye" vandrepokalen for cupen. At det sto "3. plass - Fogn IL 25 år"  på pokalen, som elles var pynta av fotballspelarar, såg ikkje ut til å settje nokon dempar på feiringa!

Vi gratulerer laget "Fogn" med sigeren, og Fogn IL med nok eit godt gjennomført arrangement i 2013!

Bilete frå cupen ser de i serien under:

Det skjer på Fogn i jula!

free_wallpaper_1680x1050_christmas_decorations_ball.jpeg

Julafta - kl. 13.00

Gudsteneste ved Anders Kvalevåg
Song ved Fognakoret og Emma Grønås
Takkoffer til Talgje sokn sitt misjonsprosjekt

 

1. Juledag - kl. 12.00

Høgtidsmøte på bedehuset
Andakt ved Håvard Østhus
Kollekt til hjelpeprosjektet "Redeemed in Zion"
Diverse innslag

 

2. Juledag - kl. 12.00

Høgtidsgudsteneste v/Anders Kvalevåg
Song ved Fognakoret og Ester Alida og Inga Katrine Vold
Nattverd og takkoffer til Kirkens nødhjelp

 

3. Juledag - kl. 18.00

Søndagsskulen sin juletrefest på bedehuset
Andakt av Ester Alida Vold
Elles vert det gong rundt juletreet, godtepose til borna, kaffi, kaffimat ++

 

29. Desember - kl. 15.30

Romjulsmarsj med oppstart ved skulen. Marsjen er ca. 5 km. lang. 
Startkontingent kr 50,- per person eller maks kr 150,- per familie.
Servering av gløgg og pepperkaker etterpå.
Hugs refleks! (arr: Fogn IL)

 

29. Desember - kl. 19.00

Volleyballcup i gymsalen
Alle frå og med 8. klasse kan vere med, og melde på lag til Jakob Bø på tlf 99014338. Frist for påmelding er 28. desember. Klikk HER for reglar.
Det vert kiosksal. (arr: Fogn IL)

 

Hjarteleg velkomne på alle arrangement! God jul!

Flott juleavslutning!

Birk er ein av fire som skal starte på skulen hausten 2014.

Torsdag 19. desember var det julefest på Fogn oppvekstsenter. Dette er ein tradisjonsrik fest, men nytt av året  var at borda var sett opp i gymsalen, slik at juletregongen foregjekk ute i foajeen. Elles var det mykje "same procedure as every year",  der barnehageopptreden, skodespel frå skuleklassane, innskriving i skulen, julesong, matøkt og juletregong nok ein gong var bærande elementer!

Halvard Bøe knipsa mange flotte bilete frå det som skjedde denne kvelden. Tusen takk skal du ha for bileta som vi kan sjå i serien under!

Romjulscup i volleyball

Volleyballinfo.jpg

Fogn IL har allereie fått påmeldingar til årets romjulscup i volleyball. Til alle som går med planar om å melde på lag, kjem det her viktig informasjon om cupen, og om korleis ein melder seg på.

Cupen blir arrangert, i gymsalen, søndag 29. desember i tidsrommet 19.00 –  23.00(ca). 

Reglane for lagsamansettinga : 

  • Aldersgrense 8.kl
  • Mix av damer og menn.
  • Minimum 6 spelerar, fritt antall innbytterar.
  • Det skal vere minimum to frå kvart kjønn, blant spelerane, på banen.

 

Meld på med namn på laget, og namn på personane på laget, til idrettslaget ved Jakob. Send sms til 99014338, mail til jakobboe@gmail.com eller ta kontakt på anna måte. 

Fogn idrettslag

Vi song jula inn!

Emma Grønås syng solo med Tøff og Nådig i bakgrunnen.

Søndag 15. desember var dagen då mange på Fogn fekk skikkeleg julestemning! Då vart nemleg jula sungen inn i kyrkja, og både juletre og julesongar var på plass! Mange hadde møtt opp og fekk høyre flott song av barnekoret Tøff og Nådig, Fognakoret, Dag Olav Sæbøvåg og tvillingane Sarah og Leah Sandanger. I tillegg var det mykje fellessong, der alle songane var henta frå den heilt nye salmeboka. I denne har mellom anna Alf Prøysens "Julekveldsvise" fått plass, og organist Unni S Vignes fortalte historia bak både denne og "Du grønne glitrende tre god dag" før dei vart sungne. 

Etter seansen oppe i kyrkja var det kaffi, kaker og klementiner i kjellaren, der stemningen var stor med både pratesjuke vaksne og ungar som gjerne fekk vere oppe litt lengre enn vanleg denne kvelden...

Under er eit klipp frå då tvillingane song, og tre bilete frå kvelden.

Juleverkstad på skulen

Juleverksted08.jpg

Torsdag og fredag i veke 50 var det tid for årets juleverkstad på Fogn oppvekstsenter. Dette er ein lang tradisjon, og i år kom elevane heim med eigenproduserte kaker, kransar, esker og sjølvdyppa lys! 

Barnehagen bidrog med Lussekattar på fredag, då dei kom gåande inn i flott Lucia-tog. I tillegg var desse yngste borna på oppvekstsenteret med på den årvisse julegrauten i lunsjtider på fredag. Stor stas og god stemning!

Nokre av bileta under syner elevane i stor aktivitet i gymsalen. Dette er eit av høgdepunkta kvart år, nemleg opp til ein time stikkball i gymsalen ved slutten av kvar økt...