Korleis gjekk det eigentleg?

For nøyaktig eit år sidan, på nyttårsafta 2012, publiserte vi nyttårsforsetta til fire staute karar frå Fogn. Artikkelen vart den gong avslutta med setninga: "Så får vi heller køyre ei lita sak på korleis det gjekk når 2013 er på hell". Året er så definitivt på hell, og vi har vore i kontakt med deltakarane, og høyrt korleis det gjekk med forsetta deira. 

Ottar.jpg

Namn: Ottar Sandanger

Nyttårsforsett: Eg vil få uttrykt endå klårare kor takksam eg er for å få bu i dette gode landet vårt.

Slik gjekk det: Kunne nok vore flinkare til å minna meg sjøl og andre om at me som lever og bur i Norge når for tida er særs heldig stilt. Me nærast "vassar i luksus" frå morgon til kveld - dag etter dag. Økonomisk og materielt har neppe noko "folkeslag" hatt det gunstigare.
2013 var valår - hadde nok det i tankane då eg sa det eg gjorde ved inngongen til året. Demokratiet fungerte, valet var gjennomført på framifrå vis og ny regjering innsett - alt dette utan at det vart løyst skot i gatene. Det er ikkje sjølvsagt under alle regimer, heller ikkje mellom dei som reknar seg som demokratiske. I året som nå kjem skal me feira at Grunnlova vår er vorten 200 år, 1814-2014. La 2014 verta ei hylding til demokratiet - for ikkje å seia sosialdemokratiet.


Eirik.jpg

Namn: Eirik Runestad

Nyttårsforsett: Eg ska læra å dansa swing!

Slik gjekk det: Eg og Ivar fant et kurs, men så blei alt utsatt heilt til me gløymte det ut...


Ivar.jpg

Namn: Ivar Opsal

Nyttårsforsett: Eg ska vinna Tour de Fogn!

Slik gjekk det: Ivar gjorde det historisk dårlig i Tour de Fogn, og endte til slutt på ein 5. plass. Når han får spørsmål om korleis det gjekk med nyttårsforsettet svarar han kort og godt: "Eg trur det må vera ein feil, eg vant jo fognamilå"!


Pål.jpg

Namn: Pål Rune Grønås

Nyttårsforsett: Trene mer, spise mindre, bruke mer og bedre tid med barna, jobbe mindre, mindre internettsurfing og mindre TV.

Slik gjekk det: Det gikk i dass, sånn som det alltid gjør!

Fyrverkeri klokka 19

Det er nyttårsaften, og mange ser fram til å sjå at himmelen vert lyst opp av fyrverkeri! På Fogn er det ikkje tradisjon for offentleg oppskyting av slikt, men i år er det drege igong eit privat initiativ med tanke på dei yngste. Trond Egil Sivertsen vil senda opp litt fyrverkeri frå fotballbanen klokka 19.00 ikveld, slik at dei som ikkje er oppe heilt til midnatt òg får med seg litt. Det er sjølvsagt lov å stille med eige fyrverkeri, og sende det opp frå fotballbanen. 

Det som derimot IKKJE er lov, er å senda opp fyrverkeri frå fotballbingen. Dette kan i så fall gå stygt utover dekket i bingen, noko som er svært dyrt å reparera.

Vi ynskjer alle ei god, og sikker feiring av det nye året!

Rapport frå Romjulscupen 2013

Vinnarlaget med det kreative namnet "Fogn" bestod av: Anne Martha Straumstein, Kristel Borgemyr, Mallin S. Iversen, Øyvind Sandanger, Helge Magnar Iversen, Gordon Sunde og Håvard Østhus

Vinnarlaget med det kreative namnet "Fogn" bestod av: Anne Martha Straumstein, Kristel Borgemyr, Mallin S. Iversen, Øyvind Sandanger, Helge Magnar Iversen, Gordon Sunde og Håvard Østhus

Romjulscupen i volleyball gjekk av stabelen søndag 29, desember på Fogn oppvekstsenter. Omlag 80 personar møtte opp for å anten spela sjølv, eller vera tilskodarar. Dei seks påmelde laga gjekk først igjennom gruppespelet, der dei to beste laga i kvar gruppe gjekk vidare til dei semifinalane. Den første semifinalen vart spelt mellom laga "Fogn" og "Chickenwing", og det var Fogn som trakk det lengste strået og sikra seg finaleplass. I kveldens andre semifinale var det "Fognafox" som slo "Team Østhus", og sikra seg den siste finaleplassen. "Team Østhus" vann forøvrig bronsekampen, og kunne gå nokså nøgde heim.

Finalen starta særs jamnt, og "Fognafox" vann det første settet 25-22. Deretter slo "Fogn" tilbake og vann det andre settet 25-21, noko som gjorde at alt skulle avgjerast i tredje og siste sett. Dette settet vart aldri skikkeleg spanande, og Gordon Sunde kunne til slutt nytte hælen til å prikke inn matchballen for "Fogn", som dermed vart det første laget som vann den "splitter nye" vandrepokalen for cupen. At det sto "3. plass - Fogn IL 25 år"  på pokalen, som elles var pynta av fotballspelarar, såg ikkje ut til å settje nokon dempar på feiringa!

Vi gratulerer laget "Fogn" med sigeren, og Fogn IL med nok eit godt gjennomført arrangement i 2013!

Bilete frå cupen ser de i serien under:

Det skjer på Fogn i jula!

free_wallpaper_1680x1050_christmas_decorations_ball.jpeg

Julafta - kl. 13.00

Gudsteneste ved Anders Kvalevåg
Song ved Fognakoret og Emma Grønås
Takkoffer til Talgje sokn sitt misjonsprosjekt

 

1. Juledag - kl. 12.00

Høgtidsmøte på bedehuset
Andakt ved Håvard Østhus
Kollekt til hjelpeprosjektet "Redeemed in Zion"
Diverse innslag

 

2. Juledag - kl. 12.00

Høgtidsgudsteneste v/Anders Kvalevåg
Song ved Fognakoret og Ester Alida og Inga Katrine Vold
Nattverd og takkoffer til Kirkens nødhjelp

 

3. Juledag - kl. 18.00

Søndagsskulen sin juletrefest på bedehuset
Andakt av Ester Alida Vold
Elles vert det gong rundt juletreet, godtepose til borna, kaffi, kaffimat ++

 

29. Desember - kl. 15.30

Romjulsmarsj med oppstart ved skulen. Marsjen er ca. 5 km. lang. 
Startkontingent kr 50,- per person eller maks kr 150,- per familie.
Servering av gløgg og pepperkaker etterpå.
Hugs refleks! (arr: Fogn IL)

 

29. Desember - kl. 19.00

Volleyballcup i gymsalen
Alle frå og med 8. klasse kan vere med, og melde på lag til Jakob Bø på tlf 99014338. Frist for påmelding er 28. desember. Klikk HER for reglar.
Det vert kiosksal. (arr: Fogn IL)

 

Hjarteleg velkomne på alle arrangement! God jul!

Flott juleavslutning!

Birk er ein av fire som skal starte på skulen hausten 2014.

Torsdag 19. desember var det julefest på Fogn oppvekstsenter. Dette er ein tradisjonsrik fest, men nytt av året  var at borda var sett opp i gymsalen, slik at juletregongen foregjekk ute i foajeen. Elles var det mykje "same procedure as every year",  der barnehageopptreden, skodespel frå skuleklassane, innskriving i skulen, julesong, matøkt og juletregong nok ein gong var bærande elementer!

Halvard Bøe knipsa mange flotte bilete frå det som skjedde denne kvelden. Tusen takk skal du ha for bileta som vi kan sjå i serien under!

Romjulscup i volleyball

Volleyballinfo.jpg

Fogn IL har allereie fått påmeldingar til årets romjulscup i volleyball. Til alle som går med planar om å melde på lag, kjem det her viktig informasjon om cupen, og om korleis ein melder seg på.

Cupen blir arrangert, i gymsalen, søndag 29. desember i tidsrommet 19.00 –  23.00(ca). 

Reglane for lagsamansettinga : 

  • Aldersgrense 8.kl
  • Mix av damer og menn.
  • Minimum 6 spelerar, fritt antall innbytterar.
  • Det skal vere minimum to frå kvart kjønn, blant spelerane, på banen.

 

Meld på med namn på laget, og namn på personane på laget, til idrettslaget ved Jakob. Send sms til 99014338, mail til jakobboe@gmail.com eller ta kontakt på anna måte. 

Fogn idrettslag