Kven er best å tippa på EM i fotball?

EM i fotball står for døra, og for mange blir slike meisterskap enno kjekkare dersom ein deltek i ein tippekonkurranse! Ivar Opsal har tatt ansvar og laga ligaen “Fogn” på VG sin “EM-profeten”, der ein skal tippa resultatet på alle kampane i meisterskapet. Det er kjekt dersom så mange som mogeleg blir med i denne ligaen, for då blir det enno meir heider og ære til den som vinn!

For å bli med i ligaen kan ein nytte denne lenka!

Nye trappedugnadar i veke 24

Deler av dugnadsgjengen som var samla laurdag 1. juni

Det har alt vore to dugnadar på den nye steintrappa på stien opp frå kaien på Fogn, og omlag 20 trinn er no på plass!

I veke 24 blir det nye dugnadar, der alle som vil kan bli med! Møt opp på kaien, og ta gjerne med utstyr som spade, spett og krafse.

Dugnadane blir:

Måndag 10. juni kl. 17.30-20.00
Laurdag 15. juni kl. 09.00-13.00

Joker Fogn inviterer til åpningsfest!

Som mange har fått med seg har Joker Fogn/Fogn Handel starta opp med delvis sjølvbetjent butikk og utvida opningstider. No er det tid for offisiell opning og feiring, her er det butikken sjølv melder om på Facebooksida si:

Hurra! På lørdag kl 13 inviterer vi dere til offisiell åpning av vår høyteknologiske selvbetjente butikk!! Lars Helgeland fra Merkur kommer. Det blir servering av gratis kake, kaffe og is velkommen skal du være!!