Joker Fogn inviterer til åpningsfest!

Som mange har fått med seg har Joker Fogn/Fogn Handel starta opp med delvis sjølvbetjent butikk og utvida opningstider. No er det tid for offisiell opning og feiring, her er det butikken sjølv melder om på Facebooksida si:

Hurra! På lørdag kl 13 inviterer vi dere til offisiell åpning av vår høyteknologiske selvbetjente butikk!! Lars Helgeland fra Merkur kommer. Det blir servering av gratis kake, kaffe og is velkommen skal du være!!

Bli med og bygg steinbra trapp på stien!

Illustrasjonsfoto frå midsundtrappene, som vart laga av sherpaer i 2016

Slik det vart informert om på årsmøtet i Fogn Grendalag, skal det byggast ei steintrapp på stien frå ferjekaien og opp til byggefeltet i Liane/skulen. Arbeidsgruppa, beståande av Oddny Kjølvik, Jakob Bø, Paul Arne Aano og Trond Egil Sivertsen inviterer no til dei to første dugnadane, som går av stabelen:

Laurdag 25. mai kl. 09.00-13.00
Laurdag 1. juni kl. 09.00-13.00

Oppmøte på kaien begge dagar. Dei som har kan gjerne ta med utstyr som spade, hakke, spett og bøtte.

Alle, både dei med og dei utan steintrapperfaring, er hjarteleg velkomne på dugnad!

Alt frå 17. mai på Fogn!

Det vart ei fantastisk 17. mai-feiring på Fogn, med strålande vær, masse folk og meget god stemning! På dagtid var det tradisjonell feiring med barne/folketog, samling i kyrkja, og mat/aktivitetar på skulen.

På kvelden var det folkefest i gymsalen, der Oddvar Vignes var årets 17. mai-talar. Til denne festen var det også i år laga til mange videoar, som de kan sjå på Fogn TV!

Under er ein fyldig bildeserie frå det som skjedde på dagen:

Anne er årets sjukepleiar i Rogaland!

Foto: Ingeborg Bø Rolfsen

Kvart år kårar NSF (Norsk Sykepleierforbund) årets sjukepleiar i Rogaland, og i går vart prisen delt ut igjen. Den overraska sjukepleiaren som mottok hedersbeviset, var ingen ringare enn Anne Selvåg Sunde frå Fogn! Ho var blitt nominert av kollega Ingeborg Bø Rolfsen, som mellom anna skreiv dette i grunngjevinga:

-Anne er en god og engasjert sykepleier som gir sin omsorg til pasienter og pårørende i ulike situasjoner. Hun er lyttende, og samler aktuell informasjon som kommer til nytte for kollegaer som jobber med henne for å hjelpe pasientene.  

Ein kan lesa meir om tildelinga, og sjå fleire bilete frå feiringa på NSF sine eigne sider.

Fogn.org gratulerer Anne med vel fortent heider!

Program for 17. mai på Fogn!

kl.  09.15 Flaggheising ved skulen. Messing spelar.

ca. 09.30 Toget stiller opp ved skulen

ca. 10.15 Toget kjem til kyrkja.
Samling med song, barnas tale og andakt av Monika Stensland

ca. 11.00 Toget returnerer frå kyrkja til skulen

ca. 11.30 Matøkt ved skulen. Sal av pølser, is++ i kiosken. Det er sett fram eindel
benker og bord, men det er fint om nokon tek med sjølv.

ca. 12.15 Godteposeløp for born under skulealder og aktiviteter for 1.-7. trinn

ca. 12.45 Ulike aktiviteter for alle

ca. 13.45 Straffekonkurranse på fotballbanen

ca. 14.30 Avslutningssamling med premieutdeling ved uteamfiet

kl.  15.15 På Eide: Kransnedlegging og historisk tilbakeblikk v/ Dag Hovda Sture.
Jubileumsbåten, som vil stå på ein hengar både utanfor kyrkja og
skulen denne dagen, vil også bli stilt ut på Eide.

19.00 Dørene opnar på skulen

19.30 Folkefest for alle frå 8. klasse og oppover. Song, mat, underhaldning og tale for dagen ved Oddvar Vignes. Inngongspris på festen er 300 kroner per person.

Velkommen til å feire grunnlovsdagen på Fogn!