Salmekveld i kyrkja om ein månad

Salmekveld med Svein Ellingsen sine salmer, tekster og biografi i Fogn kyrkje onsdag 6. mars kl. 18.30

Ei korgruppe med mennesker fra Talgje og Fogn har øvd inn noen av hans salmer og vår kantor Bjørn Terje Bertelsen akkompagnerer koret og allsangen.

Svein Ellingsen f. 1929, d.2020 er salmedikteren som møter oss tekstene sine - når livet ikke ble som vi har tenkt oss..

Svein Ellingsen møter oss med innsikt og følsomhet som erfart liv kan gi..

Han vet mye om smerte, sorg og angst - han har vært der selv.. kanskje er han av dem som på troverdig vis kan skildre håpet, gleden og skjønnheten som livet kan romme .. og han bekjenner seg til en nådig Gud som vet hva det vil si å være menneske

Else Jorunn Løland

Konsert onsdag 7. februar!

Arne Nordbø har slått seg samen med Randaberg Yngre Mannskor, og dei inviterer til en kveld med fantastisk musikk og gode meiningsfulle tekstar, samt underfundige betrakningar, humør og humor. Og litt alvor.

Nordbø har skrevet fleire nye tekstar samt oversatt mykje gamal country og gospel, og formidler i eitt språk og ei musikalsk drakt som kler han godt, enten han synger om Vårherre, trailersjåførar, flyktningar eller oppveksten i bedehus/kyrkje på Finnøy.

Randaberg Yngre Mannskor er med og løfter songane, og krydrar ellers kvelden med livlige Negro Spirituals og vakre kjente salmer arrangert for mannskor.

Musikalsk leder Tor Kjetil Espedal trakterer piano.
Kjell Rune Fjellheim er med på gitar, steel, mandolin og banjo.
Morten Goa spelar kontrabass.

Ferje kl.17:30 fra Judaberg
Det serveres kaffi og noe å bite i etter konserten.
Returferje til Judaberg kl. 21:20

Ord: 250
Student: 200,-
Barn: 50,-
Billetter selges i døra og på melodypipe.com

Arrangementet støttes av Kirkekulturell myldring – Stavanger kirkelige fellesråd

Dette vil du ikke gå glipp av. Hold av kvelden!

Nytt tilbod for dei minste!

Fogn Idrettslag har no starta med eit nytt tilbod til barn mellom 3 og 7 år, nemleg “Gymleik”, som i praksis betyr turn for dei minste! Tilbodet blir gjennomført i gymsalen på Fogn oppvekstsenter annakvar torsdag frå klokka 17.00 til 17.45, og her er det berre å møta opp! Sjå kva for torsdagar det gjeld på kalenderen her på Fogn.org.

NB! Dei yngste barna (3-åringane) må ha med ein foresatt på samlingane.

Noko til kalenderen i vår?

Formålet med nettsida Fogn.org var å lage ein kulturkalender der alle tilbod på Fogn var lista opp. Dette er på mange måtar kjernen i nettsida i dag også, men då er det viktig at kalenderen er oppdatert!

No ved starten av eit nytt år er det ekstra viktig å melde frå om endringar og evt. nye tilbod og arrangement som folk skal få vita om. Dette kan enkelt meldast inn ved å klikka her, og scrolla ned til skjemaet.

Trygg is på Fjellbergvatnet!

Sibirkulda gir resultater på Fogn også! I helga vart det gjort målingar som viser at det er trygg is på Fjellbergvatnet, noko som ikkje skjer kvart år. Rapportar frå dei som har prøvd isen, seier at den er godt eigna til skøytegåing. Det kan med andre ord vere lurt å finne fram skøytene og prøve seg på gamle kunstar, før temperaturen igjen er venta å stige mot slutten av veka…

NB! Det er truleg sikker is på alle vatn på Fogn, men vi må understreke at all ferdsel på is skjer på eige ansvar!

Vil du bli med i dugnadsgjengen?

Dagsturhytta “Ørnareiret” på Fogn har vore ein stor suksess sidan hytta vart opna hausten 2022! Med så mange besøkjande er det viktig å forsikra seg om at ting ser greit ut der oppe og melde frå om evt. feil som må utbetrast. Dette er ein jobb som blir gjort på dugnad av personar som har sagt seg villige til å ha ansvaret for å sjå etter hytta ei veke no og då.

Per i dag er det 19 “vaktmesterlag”, noko som gjer at alle har ansvaret 2-3 veker kvart år. I løpet av ei veke bør ein vere oppe i hytta minst ein gong for å koste over golvet, fylle på toalettpapir etc (det er laga ei liste over oppgåver som skal gjerast).

Dugnadslista skal no oppdaterast, og i den anledning vil Grendalaget gjerne få med fleire i dugnadsgjengen! Dersom dette er noko du kan tenkja deg å bli med på, er det flott om du melder frå i dette skjemaet innan fredag 19. januar.