Det skjer på Fogn i jula!

Lille julaften kl. 23.00 i kyrkjekjellaren
Midnattsamling i kyrkjekjellaren for ungdomar frå 8. klasse og oppover.
Høgtlesing av juleevangeliet.
Twist, kaffi, klementiner og god stemning!

Julaften kl. 14.30 i Fogn kyrkje
Gudsteneste ved Gunter Theiss
Solosong ved Hannah Østhus
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp

Første juledag kl. 12.00 på bedehuset
Høgtidsmøte med tale av Håvard Østhus
Solosong av Sofie Hovda
Kollekt til Ebenezer Operation Exodus

Andre juledag kl. 12.00 i kyrkja
Gudsteneste ved Ola Aasland Vold
Takkoffer til Misjonsprosjektet

Tredje juledag kl. 17.00 på bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Ingeborg Voll, i tillegg til song, mat, juletregang, klementiner og godteposar.
Gratis entrè

Lørdag 30. desember kl. 12.30-14.30 på dagsturhytta
Fogn IL arrangerer ein litt annleis romjulsmarsj i år. Folk kan starta kvar dei vil på Fogn, og gå til Ørnareiret (dagsturhytta). Registrering skjer der oppe mellom kl. 12.30-14.30.
Går alt etter planen vert det servering av rykande varm gløgg, delt ut medalje til deltakarane og kanskje høve til å betale ein femtilapp for kvar deltakar - ikkje meir enn hundre kroner for ein og same familie.

Lørdag 30. desember kl. 18.00 på skulen
Fogn IL arrangerer romjulscup i volleyball i gymsalen.
Blanda lag med minimum to menn/damer på kvart lag. Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jørgen Bø 471 72 804 på eller på Fogn IL på Facebook seinast kvelden før.
Viss du ikkje har lag, kan du melde deg på enkeltvis.

Nyttårsaften kl. 19.00 og 24.00 på fotballbanen
Felles fyrverkeri ved primus motor Trond Egil Sivertsen.
Bli gjerne med og spleis ved å klikke her!

NB! Her er opningstidene til Joker Fogn i jula:

22. desember: 09-19
Lille julaften: 09-18
Stengt på julaften, 1. og 2. juledag
27.-29. desember: 09-19
30. desember: 09-18
Stengt på nyttårsaften og 1. nyttårsdag
2. januar: 09-19

Frisørtilbod på Fogn framover

Frisør Katrin Schniske har, det siste året, hatt fleire besøk på Fogn for å klippe og stelle hår her på øya. No har ho sendt over datoar for komande “frisørdagar”, der ho er på Eldresenteret og tek imot kundar. Timar kan avtalast ved å ringa Katrin på 92 20 01 51.

Framtidige besøk:

Fredag 15.12.23
Fredag 12.01.24
Fredag 26.01.24
Fredag 09.02.24
Fredag 23.02.24
Fredag 08.03.24
Fredag 22.03.24

Spleis på felles fyrverkeri!

Bilete frå oppskytinga i fjor

Også på nyttårsaftan i år vil Trond Egil Sivertsen med hjelparar dra i gang felles fyrverkeri på ved Fogn oppvekstsenter, noko som har vore ein stor suksess tidlegare! Dei to showa (klokka 19.00 og ved midnatt) er alltid av høg kvalitet, det er sosialt og sjå på fyrverkeriet saman med andre, og det er ikkje minst greit å sleppe stress med både innkjøp og oppskyting!

Spleisen, som ein kan sjå ved å klikka her, er open fram til og med 30. desember!