Spleis på felles fyrverkeri!

Bilete frå oppskytinga i fjor

Også på nyttårsaftan i år vil Trond Egil Sivertsen med hjelparar dra i gang felles fyrverkeri på ved Fogn oppvekstsenter, noko som har vore ein stor suksess tidlegare! Dei to showa (klokka 19.00 og ved midnatt) er alltid av høg kvalitet, det er sosialt og sjå på fyrverkeriet saman med andre, og det er ikkje minst greit å sleppe stress med både innkjøp og oppskyting!

Spleisen, som ein kan sjå ved å klikka her, er open fram til og med 30. desember!

Bli med på Vikingkamp!

Fogn IL har fått gratisbillettar til Viking sin heimekamp mot Sarpsborg 08, søndag 12. november klokka 17.00. Billettane skal gis vekk til Fogn IL sine medlemmar m/familie!

Det vert ikkje sett opp felles transport til stadion, og billettane blir sendt digitalt til dei som vil ha, i god tid før kampen på søndag. Det einaste de må gjere er å sende ei melding til Jørgen Bø på 471 72 804, der de skriv kor mange billettar de vil ha, så ordnar Jørgen resten:)

Bli med på kamp og hei dei mørkeblå fram til siger!