Basar i kyrkja
/Til helga er det igjen klart for kyrkjebasar! Sjå plakaten under for meir informasjon:
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Til helga er det igjen klart for kyrkjebasar! Sjå plakaten under for meir informasjon:
Fogn oppvekstsenter informerer:
Tysdag 24. oktober kl. 16:20 – 18:30 arrangerer vi solidaritetsaksjon på oppvekstsenteret.
I år har elevane våre valgt å samla inn penger til barn i Zambia. Konklusjonen deira var at desse barna treng pengane mest. Berre 50% av barna i Zambia fullfører barneskulen, og heile 60% av befolkninga på landsbygda er analfabetar. Derfor treng skulane i Zambia hjelpa vår! Pengene som blir samla inn på solidaritetsaksjonen, blir gitt til Hei Verda som har prosjekt i Zambia.
Pengane går til å:
betre skuletilbodet i Zambia. 200 000 barn går ikkje på skule fordi det er mangel på både skular og lærarar.
gi ufaglærte lærarar opplæring, slik at dei blir gode pedagogar.
byggje brønnar, slik at skulane får reint drikkevatn.
jobbe for at jenter går vidare på skulen og får ei utdanning.
jobbe for at barn med funksjonsnedsetjing også får gå på skule.
Du kan lese meir om prosjektet her: https://www.heiverden.no/zambia
Vi ønsker alle velkomne til solidaritetsaksjon på oppvekstsenteret 24. oktober. Her kan du m.a. kjøpe mat, kaffi og kake. Det blir loddsal og utlodning, ulike aktivitetar du kan delta på og bruktbod/loppmarknad. Vi tek imot fint brukte gjenstandar til bruktboda. Ta kontakt med oss, eller kom innom dersom du har noko du vil gi bort.
Fogn helselag inviterer til temakveld på Fogn Oppvekstsenter mot slutten av månaden.
Hausten er her, og det er tid for både haustmarked og oktoberfest hjå Pia Myrvold i Sæbøvåg!
Det vert invitert til lovsangsmøte i Fogn kyrkje, laurdag 7. oktober klokka 19.00. Her vert det mellom anna tale av Daniel Heimstad, som jobbar i International Gospel Mission (IGM) og har ein solid “link” til Fogn då han er forlova med Elisabeth Sandanger. Sjå elles plakaten for meir info:
Godt over 100 personar deltok på årets 4- og 7-toppstur på Fogn, den tolvte i rekka! 50 personar gjekk 7 toppar, og 57 personar gjekk for den noko kortare varianten over 4 flotte “fjell” på Fogn. Det var også kjekt å sjå at fleire tilreisande la søndagsturen til Fogn denne dagen, og det var mange blide og fornøyde fjes å sjå, både blant store og små!
Det hadde regna eindel i forkant, og så det var nokre våte og glatte parti i løypa. Men under sjølve turen var det oppholdsvèr til alle kom i mål.
Også i år vart det trukke ut eit gåvekort til ein av turdeltakarane, og vinnaren av dette vart Anne Sunde.
Fogn IL ynskjer å takke sponsorane Windoornet, Joker Fogn, Kiwi Finnøy og Ryfylke Tomat som bidreg med noko godt til store og små på turen!
Bileta i serien under er knipsa av ulike representantar frå familien Sandanger Iversen, som også i år gjorde ein kjempejobb med organisering og gjennomføring av turen!
Powered by Squarespace