Utegudsteneste på Byre til helga

Dei to siste somrane har det blitt arrangert utegudsteneste på Byre, med over 100 frammøtte begge gongane. Utegudsteneste vert det også i år, nærare bestemt på søndag 30. juli. Sjå plakaten under for informasjon.

Ang.reising til Byre på søndag med offentleg transport så er det beste alternativet hurtigbåt frå Fogn 0940 som er på Byre1105 og retur med hurtigbåt 1505 eller ferje 1520 som korresponderer med båt/ferje til Fogn. Evt kan ein ta ferja frå Fogn 0940 og vente på Finnøy til Ryfylkeferja 1140 Privatbåtar kan legge til i Djupevik.

Ikkje bål, men feiring blir det!

Grunna lite nedbør og mykje sol dei siste vekene, er det så tørt rundt oss at sjølv eindel regn fram mot 23. juni truleg ikkje vil hjelpa - St. Hans-feiringa blir utan bål i år.

Men Fogn IL og Fogn Kr. ungdomslag arrangerer likevel ei samling for alle som ynskjer å bli med, og dei inviterer folk til Fogn oppvekstsenter frå klokka 18.00 og utover. På programmet står:

  • Andakt ved Marius Aano Svellingen

  • Varm grill (blir ståande midt på asfalten i skulegarden) der folk kan grilla det dei har med seg.

  • Kiosksal

  • Ulike aktiviteter

Alle er hjarteleg velkomne!

Kunst og kåseri på bedehuset

Helga 9.-11. juni kjem Preben Colstrup til Fogn med både kunst og kåseri! Colstrup omtalar seg sjølv som både billedkunstnar og prestevikar, men har også ei fortid som informasjonssjef i NSB, noko kåseriet “En jernbaneovergang” truleg kjem inn på. Dette kåseriet kan folk få med seg fredag kveld, og dei som kjem på laurdag vil i tillegg få song og musikk frå Torolf Nordbø. På laurdagen vert det også servering av graut, medan utstillinga er open frå kl. 12-15.

Søndagsmøtet går til vanleg tid klokka 11.00, men det er Preben Colstrup som talar over søndagens tekst denne dagen.

Alle samlingar er gratis å delta på, og det er høve til å kjøpe malerier som er utstilt på bedehuset.

Sjå meir detaljert informasjon på plakaten under: