Siste frist for påmelding til vandremiddag!

Oppdatert: Mange er påmeldt, mend et er framleis plass til fleire påmeldte til det nye konseptet “vandremiddag”. Dei som vil vere med må melda seg på innan utgongen av tysdag 18. april, slik at komiteen kan få tid til å fordele folk på grupper, avklara kven som skal laga forrett, hovudrett og dessert, og informera deltakarane om dette.

Idrettslaget, Helselaget, Grendalaget, Kyrkja og Misjonsforsamlinga på Fogn inviterer til eit nytt konsept, nemlig “Vandremiddag”, laurdag 22. april frå klokka 18.45-23.00. Les meir om kva dette går ut på under, og meld dykk på ved å klikke her!

Det skjer på Fogn i påska!

Det pleier å vere mykje folk på Fogn i påska, og med gode vèrmeldingar ser vi ikkje vekk frå at det blir tilfellet i år også! Under er ulike påskerelaterte arrangement og hendingar:

Fredag 31. mars kl. 18.00 - Jentelagsbasar på bedehuset
Andakt ved Kari Synnøve Nord-Varhaug. Barnekoret TøfFOGNådig syng. Loddsal og servering av boller, saft og kaffi. Mange flotte gevinstar!

Søndag 2. april kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Møte på palmesøndag med andakt av Magne Birkedal. Noko å bita i etter møtet.

Onsdag 5. april frå kl. 18.00 - Loddsal på dørene
Representantar frå Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til påskebasaren som er på laurdag.

Skjærtorsdag kl. 19.30 - Nattverdmøte på bedehuset
Nattverdmøte med andakt av Christoffer Inge Hovda, i tillegg til at ordet blir gitt fritt,.

Langfredag kl. 11.00 - Pasjonsgudsteneste i kyrkja
Lesing/framføring av bibeltekstar frå langfredag. Ola Aasland Vold er prest.

Påskeafta frå kl. 09.00 og 14.00 (trekning) - Fogn IL sin påskebasar utanfor butikken
Loddsal, kaffi og kake frå klokka 09.00. Sjølve trekninga skjer frå klokka 14.00.

1. påskedag kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Høgtidsmøte med andakt av Joar Sandanger. Song av June Joanna Hovda.

1. påskedag kl. 17.30 - Gudsteneste i kyrkja
Høgtidsgudsteneste der Terje Engstrøm er prest.

Årets viktigaste møte?

29. mars klokka 18.00 vert det kalla inn til det som rektor Hilde F Juul ved Fogn oppvekstsenter omtalar som “Det viktigaste møtet dette året”. Møtet handlar om barns oppvekstmiljø på Fogn, og handlar om kva både føresette, skule, barnehage og frivillige lag og organisasjonar kan bidra med her. Sjå plakaten under, og kom til Fogn oppvekstsenter onsdag 29. mars klokka 18.00!