Det skjer på Fogn i påska!

Det pleier å vere mykje folk på Fogn i påska, og med gode vèrmeldingar ser vi ikkje vekk frå at det blir tilfellet i år også! Under er ulike påskerelaterte arrangement og hendingar:

Fredag 31. mars kl. 18.00 - Jentelagsbasar på bedehuset
Andakt ved Kari Synnøve Nord-Varhaug. Barnekoret TøfFOGNådig syng. Loddsal og servering av boller, saft og kaffi. Mange flotte gevinstar!

Søndag 2. april kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Møte på palmesøndag med andakt av Magne Birkedal. Noko å bita i etter møtet.

Onsdag 5. april frå kl. 18.00 - Loddsal på dørene
Representantar frå Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til påskebasaren som er på laurdag.

Skjærtorsdag kl. 19.30 - Nattverdmøte på bedehuset
Nattverdmøte med andakt av Christoffer Inge Hovda, i tillegg til at ordet blir gitt fritt,.

Langfredag kl. 11.00 - Pasjonsgudsteneste i kyrkja
Lesing/framføring av bibeltekstar frå langfredag. Ola Aasland Vold er prest.

Påskeafta frå kl. 09.00 og 14.00 (trekning) - Fogn IL sin påskebasar utanfor butikken
Loddsal, kaffi og kake frå klokka 09.00. Sjølve trekninga skjer frå klokka 14.00.

1. påskedag kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Høgtidsmøte med andakt av Joar Sandanger. Song av June Joanna Hovda.

1. påskedag kl. 17.30 - Gudsteneste i kyrkja
Høgtidsgudsteneste der Terje Engstrøm er prest.

Årets viktigaste møte?

29. mars klokka 18.00 vert det kalla inn til det som rektor Hilde F Juul ved Fogn oppvekstsenter omtalar som “Det viktigaste møtet dette året”. Møtet handlar om barns oppvekstmiljø på Fogn, og handlar om kva både føresette, skule, barnehage og frivillige lag og organisasjonar kan bidra med her. Sjå plakaten under, og kom til Fogn oppvekstsenter onsdag 29. mars klokka 18.00!

Helselaget kallar inn til årsmøte

Årsmøtet i Helselaget blir som vanleg på Oppvekstsenteret på Fogn onsdag 8.mars klokka 1800.

  • Godkjenning av årsrapport og rekneskap

  • Val av nye styremedlemmer

Alle som har betalt medlemskontingent kan stemma og veljast til verv. 

Me får besøk av Arnt Egil Ydstebø frå Helsehuset i Stavanger som skal snakka om temaet Demensvennlig nærmiljø.

Oddny, som er nestleiar i fylkesstyret i Nasjonalforeningen for folkehelse, skal vera med og snakka om temaet Gå med oss, kva nyaste forsking seier om kor viktig det er å gå tur, både fysisk og psykisk.

Elles blir det servering, utlodning og trekking av tre heldige vinnarar i turbøkene. Ta gjerne med ein liten ting til utlodninga, det sett me pris på. 

Viss nokon har saker dei ønskjer å ta opp på årsmøtet, må styret ha dei seinast ei veke før årsmøtet. Send til ommaaland@gmail.com eller mobil 941 29 233

Hjarteleg velkommen
Styret



Frisør på Fogn

Ein fredag i månaden kjem det frisør til Fogn, nærare bestemt til den restaurerte løa til Ida og Kristian i Vestre Fognavegen 190.

Det er Katrin Schniske Dettke frå Frisør Sommerfugl som kjem, og neste besøk er fredag 10. mars. Time kan bestillast ved å ringa/senda melding til Katrin på 92 20 01 51.

NB! Dersom nokon ikkje kan koma til Bø, men ynskjer at frisøren kjem heim til dei heller, lar dette seg ordna, berre gi beskjed ved bestilling.