Frisør på Fogn

Ein fredag i månaden kjem det frisør til Fogn, nærare bestemt til den restaurerte løa til Ida og Kristian i Vestre Fognavegen 190.

Det er Katrin Schniske Dettke frå Frisør Sommerfugl som kjem, og neste besøk er fredag 10. mars. Time kan bestillast ved å ringa/senda melding til Katrin på 92 20 01 51.

NB! Dersom nokon ikkje kan koma til Bø, men ynskjer at frisøren kjem heim til dei heller, lar dette seg ordna, berre gi beskjed ved bestilling.

Fognbu på topp 8 i verda!

Foto: Sindre ellingsen / Helen & Hard

BBC la denne veka ut ein artikkel på nettsida si, med overskrifta “8 of the world’s best forest homes”. Artikkelen fortel at det har kome ei ny bok om emnet, der trehyttene Woodnest i Odda er representert. Det er også Woodnest som er nytta som illustrasjonsbilete for artikkelen.

Som mange veit, er det Kjartan Aano, som bur i Odda, men kjem frå Fogn, som saman med kona si, Sally Aano frå Australia, som står bak Woodnest. Dei har gjort ein imponerande jobb, både med sjølve hyttene, men også i marknadsføring av tilbodet, kanskje særleg i sosiale medier og ulike publikasjonar. Det har blitt særs populært å overnatta i ein tretopp i Odda, så populært at det no er nye hytter (med badekar!) under oppføring!

Les gjerne meir om Woodnest på deira eigne nettsider!

Gratis førstehjelpskurs på Fogn!

På torsdag 26. januar frå klokka 18.00-20.00 vil ambulansearbeidar Silje Østhus ha kurs i førstehjelp. Kurset vert gjennomført på garasjeloftet til Kathrine og Kristoffer på Runastad, og er gratis å delta på. Det er likevel viktig at dei som vil vere med melder seg på til Ingeborg Bø Rolfsen på 48286387 innan tysdag 24. januar.

Skader
Kva vert gjort før hjelpa kjem?
Informasjon om hjertestartar.
Aktuelle spørsmål.

Dette er nyttig kunnskap å få litt oppfrisking på.

Kurset er gratis.
Velkommen!

(Silje har kurs med Bondelaget dagen før, ho tilbyr to kurs for sjølv å få trening, og å lettera kunne få tid til alle deltakarane).

Mvh Fogn helselag
ved Ingeborg Bø Rolfsen

Oppstart etter nyttår

I regi av kyrkje og bedehus på Fogn er det mange ulike tilbod for borna, der aktivitet, andakt og mat er viktige “ingredienser”. Desse tilboda er no i ferd med å starte opp att, etter å hatt “juleferie”. Alle aktivitetar ligg inne i kalendere her på Fogn.org, men under er uansett ei lita oversikt:

Hobby og tru er eit tilbod i kyrkja for born opp til og med 1. klasse. Dette er annakvar måndag, frå og med 16. januar, frå klokka 17.30-18.30.

Jente- og guttelaget, som er for born frå og med 2. klasse, har samlingar dei same måndagane som Hobby og tru. Den første gongen, 16. januar, er det felles oppstart på bedehuset frå klokka 17.30-18.45. Dei andre måndagane er jentelaget inndelt i grupper som møtes ulike plassar (skulen og heime hjå leiarane) frå klokka 17.30-19.00, medan guttelaget er delt i to der 2.-5. klasse møtes på bedehuset og 6. klasse og oppover møtes på skulen frå kl. 17.30-18.45.

Barnekoret TøfFOGNådig, som er for barn frå 1. klasse, møtes i kyrkja dei måndagane det ikkje er Hobby og tru, jente- og guttelag. Dei har oppstart måndag 23. januar og held på frå klokka 17.30-18.45.

Søndagsskulen (for born opp til og med 3. klasse) og søndagsringen (for born frå 4. klasse og oppover) vert som hovudregel arrangert i bedehuskjellaren frå klokka 11.00-12.00 dei søndagane det er formiddagsmøte på bedehuset. Første samling er i år søndag 15. januar, og dato for søndagsskuleavslutning er sett til 4. juni. Sjå heile oversikta her.

Oppfordring om å stille på folkemøte

Tysdag 17. januar arrangerer NVE (Norges vassdrags og energidirektorat) folkemøte om den nye kraftforbindelsen, som skal gå over Rennesøy, Finnøy og Fogn. Møtet er i fleirbrukshallen på Finnøy, og byrjar klokka 19.00.

Grendalaget oppfordrer folk til å stille på dette møtet, anten ein berre vil lytta, eller om ein også ynskjer å seie meininga si.

Fogn grendalag vil, før høyringsfristen, invitera til eit eige folkemøte på Fogn, der ein ynskjer innspel og synspunkt før det vert laga eit høyringssvar frå grendalaget, på vegne av Fogn. Meir informasjon om dette kjem.