Samling for dei som vil sjå etter dagsturhytta

På tysdag 1. november klokka 19.30 vert det ei samling for dei som vil ha eit ekstra ansvar for å sjå etter dagsturhytta. Samlinga vert på skulen, og det vil mellom anna bli snakka om korleis ein vel å organisera seg, ein vil laga plan for resten av året, og det må avklarast kva denne gruppa skal heitte. Kanskje Ørnareirets venner, Hyttegjengen, Ansvarskomiteen, Vaktmestrane eller Dugnadsgjengen er aktuelle alternativer?

Samlinga er for alle som vil vere med og ta eit ekstra ansvar. Du kan melda frå om at du ynskjer dette på denne lenka.

A-laget sesongavsluttar på heimebane

Laurdag 29. oktober klokka 13.30 avsluttar Fogn IL sin fotballsesong med heimekamp mot Fiskå 2.

Det har vore ein varierande sesong for A-laget, som vann mykje rundt sesongstart, men har fått det tøffare etterkvart. Dei blåkledde ligg på 9. plass på tabellen (av 12 lag) før siste kamp, men vil med siger gå forbi Fiskå 2, som ligg på plassen foran.

Bli med og hei Fognalaget fram til 3 poeng og siger i sesongavslutningen!

Snart solidaritetsaksjon igjen

Nå er det tid for den årlege solidaritetsaksjonen igjen, og vi har starta førebuingane.
Aksjonen blir i år onsdag 26. oktober kl.16:15-18:15.
Vi vil samle inn pengar til Laos.
Litt under halvparten av befolkninga i Laos er urfolk. Det er over 100 urfolksgrupper i landet. Dei snakkar eit anna språk enn majoriteten i landet, og har ulik religion og kultur.
I Hei Verdens prosjekt i Laos får lærarane i landsbyane dra på kurs for å bli gode lærarar for barn som ikkje snakkar same språk som dei. Dei lærer også gode metodar for å undervise fleire klassar samtidig.
Bruktmarked
Dei som har gjenstander/klær/utstyr som dei vil kvitta seg med, kan levere det til bruktmarkedet vi skal ha her på skolen.
Det bør leverast før onsdag 26.okt.

Velkommen til solidaritetsaksjonen.
Det blir middag og kaker, utlodning og masse gøy!

Helsing tilsette ved Fogn oppvekstsenter.

Bli med på Vikingkamp med Fogn IL!

Fogn IL har 50-årsjubileum i 2022, noko som har blitt markert på ulike måtar gjennom året. Under jubileumsfesten 3. september, vart videohelsinga under spelt av:

Som Kristoffer Løkberg seier, inviterer altså Viking alle i Fogn IL til heimekamp på SR-bank Arena, og kampen som er valt ut, er mot Sarpsborg 08 på søndag 16. oktober kl. 17.00. Som mange veit har Viking gjort det nokså svakt i det siste, så no treng dei verkeleg støtta vår!

Alle som vil ha billettar må melde frå til Heidi Bø Sangedal på 470 10 909 (evt. på Messenger) innan onsdag 12. oktober. Det vert i utgangspunktet ikkje lagt opp til felles opplegg rundt køyring, men vi prøver å fylle opp bilane, og legge til rette for dei som evt. ikkje har mogelegheit til å køyre sjølv.

Heia Viking!