Velkommen til Salmevisekveld!
/Ansvarskomiteen i kyrkja anbefaler folk å sette av kvelden 5. oktober! Sjå plakaten under:
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Ansvarskomiteen i kyrkja anbefaler folk å sette av kvelden 5. oktober! Sjå plakaten under:
Foto: Rune Nedrebø
Det har vore snakk om det lenge, men no er det altså blitt ein realitet: Ferjene i Finnøysambandet har blitt gratis å reise med for både personar og køyretøy!
Det var fylkestinget som beslutta dette no på tysdag 27. september, og ferjene vart gratis alt frå og med onsdag 28. september. Dette vart feira med brask og bram med kake på ferja og mykje skryt frå godt nøgde øybuar!
Gratis ferjer er positivt for både pendlarar, næringslivet og dei som berre reiser med ferja av og til. Det er også positivt med tanke må mogelegheiten for å realisera Øyfast, i og med at ferjene no blir subsidiert enno meir fra offentleg hald, noko som gjer at det kan bli enno meir å hente i ferjeavløysingsmidler dersom Øyfast blir verkelegheit.
NB! Også Ryfylkeferja, som mellom anna går til Nedstrand, Hebnes og Stavanger, blei gratis frå og med 28. september!
Også i år arrangerer Fogn IL 4- og 7-toppstur på Fogn (for 11. gong!), og denne gongen er turane lagt til søndag 2. oktober. I år, som i fjor, går begge turane innom Ørnakula, men i år ligg det jo ei flott dagsturhytte der oppe og venter turgåarane!
Litt meir informasjon om turane:
Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00
Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30
Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .
Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.
Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.
Som eit slags punktum for ei fantastisk helg på Fogn, arrangerte Fogn IL Fognaløp og -meisterskap søndag 4. september. Med stort sett sol og temperatur på 20+ vart det ei flott ramme rundt eit fint arrangement!
I Fognaløpet kunne ein som vanleg bli med på anten 5 km (rundt “Nullen”) eller snaut 10 km (rundt øya). Det kunne sjå ut som om dagsturhytteopning og 50-årsfest dagen før hadde kosta mykje for mange, sidan det var hakket færre deltakarar på løpet enn vanleg. Men dei som sprang fekk ein flott tur!
Lilly Hovda vann 5 km for damer, på tida 25.31, med Janne Aano Bø (28.46) og Anne Sunde (29.51) på plassane bak. Herreklassen vart vunnen av Anders Sandanger på 20.10, foran Filip Iversen (24.15) og Arne Straumstein (25.32).
I runden rundt øya var det berre ein deltakar i dameklassen, men Tanja Sandanger Giske (56.30) leverte likevel flott innsats og sprang i mål som vinnar! Herreklassen vart vunne av Håvard Østhus på 39.18 foran Matan Shapiro (44.52) og Helge Iversen (45.45).
Deretter var det klart for fognameisterskap der born i alle aldrar sprang 60-meter, hoppa lengde og kasta liten ball. Fotografen hadde arbeidsoppgåver i lengdegropa, difor er dei fleste bileta i serien under derfra. Bileta som ikkje er frå lengdehoppinga er knipsa av Jakob Bø.
Takk for eit flott arrangement!
Nydeleg vèr, masse folk, herleg stemning, fine talar, god mat, fantastisk kake…. lista kunne lett vore lengre, men sidan både bilete og videoar ofte seier meir enn 1000 ord, går vi for den løysinga!
Under er både bilete og videoklipp frå dagsturhytteopninga den 3. september 2022, då Ørnareiret vart offisielt opna!
Bildet er tatt av Terje Ansgar Eriksen fra Pixabay
I anledning opning av dagsturhytta Ørnareiret laurdag 3. september, oppfordrar grendalaget alle som vil til å heisa flagget for å markera dagen! Det kjem mange tilreisande denne dagen, og dei kan gjerne få sjå Fogn frå si vakraste side!
Powered by Squarespace