Det skjer på Fogn i påska!

Etter to år med “alternative påskefeiringar” på Fogn, kan ein i år samlast fysisk til ulike arrangement. Her er ei oversikt over det som skjer!

Onsdag 13. april frå kl. 18.00 - Loddsal på dørene
Representantar frå Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til påskebasaren som er på laurdag.

Skjærtorsdag kl. 19.30 - Nattverdmøte på bedehuset
Nattverdmøte med andakt av Svein Magne Frafjord, i tillegg til at ordet blir gitt fritt,.

Langfredag kl. 11.00 - Pasjonsgudsteneste i kyrkja
Terje Engstrøm er prest. Lesing/framføring av bibelske frå langfredag. Dåp.

Påskeafta frå kl. 09.00 og 14.00 (trekning) - Fogn IL sin påskebasar utanfor butikken
Loddsal, kaffi og kake frå klokka 09.00. Sjølve trekninga skjer frå klokka 14.00.

1. påskedag kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Møte med andakt av Paul Aano og song av Kjell Emil Berge

1. påskedag kl. 18.00 - Gudsteneste i kyrkja
Ola Aasland Vold er prest. Song av lokal jentegruppe.

Bortesiger til Fogn i serieopninga!

Forus og Gausel 2 - Fogn: 2-3 (2-1). At Fogn sitt fotballag i 7. divisjon vinn på bortebane skjer på ingen måte ofte. At det i tillegg skjer i første seriekamp, der dei aller fleste spelerane ikkje hadde hatt på seg fotballsko sidan serieavslutninga i fjor, gjer det nærmast til ein sensasjon. Men det var altså det som skjedde, denne kvelden på Knudamyra kunstgrasbane!

Forus og Gausel gjekk hardt ut frå start av kampen, og spelande trenar Jakob Bø var nok glad for at han hadde lagt ein nokså defensiv taktikk, der det kun var einsleg spiss Jørgen Bø som jaga på topp, og resten av laget konsentrerte seg aller mest om å forsvara seg. Men sjølv om Forus og Gausel hadde ballen klart mest, var det Fogn som fekk det første målet! Venstreback Tord Myklebust slo eit frispark frå midtbanen opp bak heimelaget sitt forsvar. Keeper kom ut for å ta ballen, men ein bakromsjagande Jørgen Bø nådde ballen først, heada den over keeper og inn i det tomme målet, 0-1!

Deretter heldt kampen fram i same spor som før scoringa, med Forus og Gausel i angrep og Fogn i forsvar. Dette gav til slutt resultat for heimelaget, som scora to mål må 7 minutt, først ved ei fin heading, deretter ved flott gjennomspel med tilhøyrande kontrollert avslutning. 2-1 var også stillinga til pause.

Både i første og andre omgang gjorde heimelaget mange bytter, noko som gjorde at dei mista litt av den fine rytmen dei hadde i byrjinga av kampen. Fogn dominerte på ingen måte i banespelet, men kom til ein og annan halvsjanse, og etter halvspelt andreomgang fekk dei løn for strevet. Igjen var det Jørgen Bø som var frampå, og i duell med tre forsvarar kom han seg inn i 16-meteren, der han vart lagt i bakken på ulovleg vis, og dommaren peika på straffemerket! Jakob Bø var, som vanleg, sikker som banken og sendte keeper ein veg og ballen den andre, 2-2!

Ikkje lenge etter skulle avgjersla komme. Nok ein gong var det eit frispark frå ein back med etternavn Myklebust, men denne gongen høgreback Olav. Han sendte ein frispark inn foran mål, der namnebror Olav Halsne, som var komen inn som innbyttar, nådde ballen først og heada den inn via fingertuppane til keeper, 2-3 og vill jubel i Fogn-leiren!

Forus og Gausel pressa på for utlikning, men det gjorde ikkje ting lettare for heimelaget at dei vart redusert til 10 mann etter at same spelar fekk to gule kort på få minutter. Etter nokre lange sluttminutter blåste dommar endeleg av kampen, og Fogn sto, på mirakuløst vis, igjen som vinnar!

Ein flott start på sesongen for dei blåkledde, som møter Havørn 2 til sesongens første heimekamp tysdag 19. april!

Jentelagsbasar igjen, etter to år utan

Det er ein nokså lang tradisjon at jentelaget Vårvon har basar på bedehuset, fredag før palmesøndag. Dei to siste åra har basaren blitt avlyst, grunna koronapandemien, men no er den tilbake!

Jentelaget Vårvon arrangerer basar fredag 8. april kl. 18.00 på bedehuset. Ruben Fjell skal ha andakt, og barnekoret TøfFOGNådig syng. Det blir servering av boller, saft og kaffe. Utlodning.

Alle er hjarteleg velkomne!

Stort engasjement på årsmøte i grendalaget!

Sjølv om oppmøtet kunne vært betre, var det ingenting å seie på engasjementet då Fogn grendalag hadde kalla inn til årsmøte, torsdag 31. mars. Første del av møtet, med årsmelding, rekneskap og val, gjekk raskt unna. Leiar Ole Klingsheim fekk fornya tillit i den rolla, og får med seg desse på laget i styret:

Ona Batutiene (2 år att)
Jon Olav Runestad (2 år att)
Christoffer Inge Hovda (2 år att)
Liv Bottolfs (1 år att)
Oddny Kjølvik (1 år att)
Arnstein Bøe (1 år att)

Valnemnda ser slik ut framover:
Ivar Opsal (leiar, 1 år att)
Heidi Bø Sangedal (2 år att)
Tone Østebø (3 år att)

Revisor er Ottar Sandanger

Deretter var det sett opp ulike temasaker, og både båtruter, dagsturhytte, turstinettet og kraftliner vart informert og samtala om. Dei som ynskjer å vite meir, kan lese i referatet (som strengt tatt ikkje er styregodkjent enno). Når det gjeld dagsturhytta, ser det (per no) ut til at denne kjem i modular til Sørvåg 19. april, for deretter å bli flydd opp til Ørnakula nokre dagar seinare. Montering av hytta skjer ein gong før St.Hans, og dato for opning er, enn så lenge, uviss.

Det vart fleire gonger i møtet trekt fram kor viktig jobben som skjer i og rundt grendalaget er, og det er mange som skal ha honnør for den positiviteten som er på Fogn! Skal slike små samfunn fungera godt, treng ein ildsjeler, og det har vi mange av på Fogn!

Solid trøkk på konsert!

Sjølv om borda var hakket færre, og pynten var noko enklare enn på ein klassisk 17. mai-fest, var det fleire som drog denne parallellen då dei kom inn i gymsalen på Fogn oppvekstsenter, laurdag 19. mars. Det kan sjølvsagt skuldast at folk byrjar å gløyma ramma rundt festen, som har blitt korona-avlyst dei siste åra, men med kvite dukar, fin lyssetting og uttrekt scene, var det i alle fall klart at det skulle skje noko “utanom det vanlege” i gymsalen denne kvelden!

I overkant av 70 personar, i alle aldrar, møtte opp og fekk med seg nesten 1,5 time med rock og blues av høg kvalitet, levert av Bård Gulbrandsen med band. Innimellom songane småprata Bård til dei frammøtte, fortalte om innhaldet i det som vart framført, og kva det betydde for han. Publikum i salen tok kanskje aldri “heilt av” (slik artisten gjerne såg for seg av folk frå “bøgda”), men leverte solid applaus etter kvar einaste song, og ikkje minst etter at siste låt var framført for kvelden!

Det virka som om folket på Fogn kosa seg på konsert denne kvelden! Når artist, band og lydfolk også verka godt nøgde, kan ein ikkje anna enn å konkludere med at dette var eit vellukka arrangement, som ein gjerne kan ha liknande av i framtida!