Vil du vera med og pussa opp kyrkjekjellaren?

Som mange kanskje allereie veit har ansvarskomiteen i kyrkja blitt einige om å gi kyrkjekjellaren eit ansiktsløft. Me tenker dette er ei god tid å gjere slikt arbeid på ettersom det er mindre aktiviteter enn vanleg i kyrkja. Me ønsker å mala vegger, dører, vinduskarmer og lister, i tillegg vil me kjøpe inn nye sittegrupper. Me har også kjøpt inn ein sårt tiltrengt ny komfyr på kjøkkenet. Målet er å få på plass litt planter, nye lampar og fine bilete på veggene. Rett og slett gi romma eit lysere og meir moderne uttrykk.

Det er Stavanger krk fellesråd som har sponsa komfyr og maling, men arbeidet må me gjere sjølve.

Difor er me frimodige og spør om nokon kunne tenke seg å vere med på denne dugnaden?

Det hadde vore supert viss me kunne fått til to arbeidslag, eit på dagtid og eit på kveldstid. Då ville arbeidet bli fort ferdig. Me trur dette kan vere ein kjekk måte å komma saman på og gjere noko nyttig for kyrkja vår.

Me er takksame for alle som vil vere med enten det er med ein eller ti timar. Malinga er innkjøpt og står klar til bruk i kjellaren.

Dersom nokon føler seg kalla er det berre å ta kontakt med Oddbjørg tlf: 94 12 92 33

Mvh Ansvarskomiteen.

Informasjon om felles fyrverkeri + utdeling av "småfyrverkeri"

Trond Egil Sivertsen fekk inn 11 300 kroner til fellesfyrverkeri på “Spleisen” han oppretta i denne anledning. Det betyr at det blir oppskyting både kl. 19.00 og ved midnatt, begge gonger frå fotballbanen på Fogn. No ser det også ut til å bli flott rakettvèr, så det er grunn til å gleda seg til dette!

Dei som vil sjå på kan ikkje bevega seg ut på sjølve graset, men kan gjerne stå ved “bua”, omtrent som om det var ein vanleg fotballkamp dei skulle sjå på. Dei som har tilgong på vernebriller kan gjerne bruka desse.

Området rundt fotballbanen og “sentrum” er stort, så det skal være uproblematisk å halde god avstand til kvarandre med tanke på smittevern. Det er også mogeleg å sjå fyrverkeriet frå t.d. Peråsen eller andre stader litt lengre vekke frå fotballbanen.

I tillegg har nemnde Trond Egil og Paul Arne Aano fått tak i ein heil del “småfyrverkeri” som dei vil dela ut gratis utanfor Fogn oppvekstsenter frå kl. 13.00 til 14.00. Dei som vil henta må vere over 18 år.

Endringar i ferjerutene

Ferjeruter på julaften
På julaften er det kvardagsruter heile dagen, MEN dersom du vil ta ferja kl. 19.10 eller 21.00 frå Judaberg til Fogn, evt. kl. 19.25 eller 21.15 frå Fogn til Judaberg, må du ringe og bestille ferja.

Bestill på billetter.kolumbus.no eller på telefon 916 81 194 (Hidle) / 975 15 890 (Foldøy)


Endringar i ferjerutene frå og med 3. januar

Det skjer mange mindre endringar i ferjerutene frå og med 3. januar 2022. Sjå dei nye rutene her.

Felles fyrverkeri - om folk vil spleisa!

Fogns eigen “Dynamitt-Harry”, Trond Egil Sivertsen, har saman med andre entusiastar gått saman for å få til fellesfyrverkeri på fotballbanen på Fogn, nyttårsaftan. Dette har blitt gjennomført før, med stor suksess!

Dersom det kjem inn mykje pengar, vert det fyrverkeri både kl. 19.00 (med fokus på yngre born) og ved midnatt.

Måten ein kan bidra på, er gjennom ein såkalla “Spleis”. Her kan ein gi valfritt beløp via Vipps eller kort, og hugs; alle monnar drar! Klikk her for å gå til “Spleisen”!

Det skjer på Fogn i jula (vert oppdatert)

Aukande smitte og tilhøyrande endringar i nasjonale smitteverntiltak gjer det vanskeleg å planlegga ulike arrangement i jula. Ulike arrangørar har samarbeida om ein felles “Det skjer-lapp”, men med stadig nye reglar å forholda seg til, er utsending av lappen sett på vent. Vi vil oppdatera både denne saka, og kalenderen her på Fogn.org, etterkvart som det evt. kjem ny informasjon om dei ulike arrangementa under!

Lille julaften kl. 18.00 utanfor bedehuset
Enkel samling der vi står med god avstand og syng nokre julesongar i lyset til faklar og bålpanne, kvelden før kvelden. Passar for heile familien!

NB! Ungdomslaget si midnattssamling på lille julaften er avlyst.

Julaften kl. 14.30 i kyrkja OG kl. 15.15 i kyrkja
Gudsteneste ved Olav Kristian Tangeland.
Takkoffer til Kirkens nødhjelp
Song ved Hannah Gilje Østhus og Anne Strøm Østhus
NB! maks 50 personar på kvar gudsteneste.
Påmelding til Heidi Bø Sangedal på 470 10 909.
Den første gudstenesten, kl. 14.30, vert streame på Fogn kyrkje si Facebookside.
NB! Det er få ledige plassar på første gudsteneste, og eindel ledige plassar på gudsteneste nr. 2 (per 22.12.21)

NB! Familiemøte 1. juledag på bedehuset er avlyst av smitteverngrunnar

2. Juledag kl. 12.00 i kyrkja
Høgtidsgudsteneste ved Ola Aasland Vold
Nattverd
Takkoffer til Misjonsprosjektet
Maks 50 personar. Ingen påmelding.

3. Juledag kl. 17.00 utanfor bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Steinar Mjølsnes
NB! Juletrefesten er utandørs, kle dykk godt
NB2! Gratis inngang

Onsdag 29. desember kl.17.00 frå skulen
Fogn IL sin romjulsmarsj med start på skulen. Me går løypa Bø - Høgaste - Erås - skulen
50 kr per deltakar, maks 150 kr per familie

NB! Ungdomslaget si nyttårsfeiring er avlyst