Endringar i ferjerutene

Ferjeruter på julaften
På julaften er det kvardagsruter heile dagen, MEN dersom du vil ta ferja kl. 19.10 eller 21.00 frå Judaberg til Fogn, evt. kl. 19.25 eller 21.15 frå Fogn til Judaberg, må du ringe og bestille ferja.

Bestill på billetter.kolumbus.no eller på telefon 916 81 194 (Hidle) / 975 15 890 (Foldøy)


Endringar i ferjerutene frå og med 3. januar

Det skjer mange mindre endringar i ferjerutene frå og med 3. januar 2022. Sjå dei nye rutene her.

Felles fyrverkeri - om folk vil spleisa!

Fogns eigen “Dynamitt-Harry”, Trond Egil Sivertsen, har saman med andre entusiastar gått saman for å få til fellesfyrverkeri på fotballbanen på Fogn, nyttårsaftan. Dette har blitt gjennomført før, med stor suksess!

Dersom det kjem inn mykje pengar, vert det fyrverkeri både kl. 19.00 (med fokus på yngre born) og ved midnatt.

Måten ein kan bidra på, er gjennom ein såkalla “Spleis”. Her kan ein gi valfritt beløp via Vipps eller kort, og hugs; alle monnar drar! Klikk her for å gå til “Spleisen”!

Det skjer på Fogn i jula (vert oppdatert)

Aukande smitte og tilhøyrande endringar i nasjonale smitteverntiltak gjer det vanskeleg å planlegga ulike arrangement i jula. Ulike arrangørar har samarbeida om ein felles “Det skjer-lapp”, men med stadig nye reglar å forholda seg til, er utsending av lappen sett på vent. Vi vil oppdatera både denne saka, og kalenderen her på Fogn.org, etterkvart som det evt. kjem ny informasjon om dei ulike arrangementa under!

Lille julaften kl. 18.00 utanfor bedehuset
Enkel samling der vi står med god avstand og syng nokre julesongar i lyset til faklar og bålpanne, kvelden før kvelden. Passar for heile familien!

NB! Ungdomslaget si midnattssamling på lille julaften er avlyst.

Julaften kl. 14.30 i kyrkja OG kl. 15.15 i kyrkja
Gudsteneste ved Olav Kristian Tangeland.
Takkoffer til Kirkens nødhjelp
Song ved Hannah Gilje Østhus og Anne Strøm Østhus
NB! maks 50 personar på kvar gudsteneste.
Påmelding til Heidi Bø Sangedal på 470 10 909.
Den første gudstenesten, kl. 14.30, vert streame på Fogn kyrkje si Facebookside.
NB! Det er få ledige plassar på første gudsteneste, og eindel ledige plassar på gudsteneste nr. 2 (per 22.12.21)

NB! Familiemøte 1. juledag på bedehuset er avlyst av smitteverngrunnar

2. Juledag kl. 12.00 i kyrkja
Høgtidsgudsteneste ved Ola Aasland Vold
Nattverd
Takkoffer til Misjonsprosjektet
Maks 50 personar. Ingen påmelding.

3. Juledag kl. 17.00 utanfor bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Steinar Mjølsnes
NB! Juletrefesten er utandørs, kle dykk godt
NB2! Gratis inngang

Onsdag 29. desember kl.17.00 frå skulen
Fogn IL sin romjulsmarsj med start på skulen. Me går løypa Bø - Høgaste - Erås - skulen
50 kr per deltakar, maks 150 kr per familie

NB! Ungdomslaget si nyttårsfeiring er avlyst

Bli med i eit "eingongs" mannskor!

Wictor Juul vil gjerne invitera til eit mannskor som etter eit par øvingar skal få framføra to songar på “Me syng jula inn” i Fogn kyrkje!

Sjølve arrangementet er søndag 12. desember, med øvingar onsdag 1. desember og tysdag 7. desember, begge dagar klokka 19.00 i kyrkja. Planen er altså å øva inn to tradisjonelle julesongar, fleirstemt og vakkert:)

Wictor understreker at alle som er lyst til å vere med, er velkomne, med det eine kriteriet at ein er mann.

Velkommen!

Fogn skule - og heile Norge - dansa!

Kvart år arrangerer NRK Super BlimE-dansen, ein dans til ein song som handlar om vennskap og omsorg for kvarandre. Mange hundre tusen born deltek på dansen ved å filma sine bidrag og senda inn til NRK Super. Fogn skule plar også å vere med, og i år kan vi sjå dei dansande elevane på Peråsen i den “offisielle” videoen som vart vist på NRK Super fredag 19. november! Elevane dukker opp i videoen, som du kan sjå her, etter omlag 2 minutter og 30 sekunder.

Og om du syns det lille glimtet av elevane over var litt i kortaste laget, kan du sjå heile videoen som vart sendt inn frå Fogn her. Videoen er filma av Jakob Bø og Helge Magnar Iversen, og det er Kristian Iversen som har stått for redigeringa.