Kva skal hytta heitte?

Som dei fleste truleg har fått med seg, vert det i løpet av 2022 bygd ei dagsturhytte på Fogn, nærare bestemt på Ørnakulå. Men alle dagsturhytter må ha eit namn, noko som også er tilfelle for hytta som blir sett opp på Fogn. Difor har grendalaget, i samarbeid med Øyposten, laga til ein namnekonkurranse, der folk kan koma med til navn på hytta. Ein komitè nedsett av grendalaget vil bestemme kva for namn ein til slutt går for, og den som har foreslått dette namnet vinn eit års abonnement på Øyposten (både papir og nett)!

Namneforslag må sendast inn før 10. november, og ein kan foreslå namn på Øyposten si Facebookside, Instagrambrukar, eller på sms til Oddbjørg Måland på 941 29 233.

Kyrkjebasar på laurdag

Etter avlysing i koronaåret 2020 er det igjen klart for basar i Fogn kyrkje, laurdag 6. november kl. 18.30!

Basaren vert gjennomført i kyrkjekjellaren og Inger Lise Hovda Dobbe kjem og inspirerer og informerer om Misjonsalliansen sitt arbeid i Ecuador, i tillegg til song av barnekoret TøfFOGNådig. Elles vert det loddsal, kaffi, gjærbakst og pølser.

Halvparten av inntektene frå loddsalet går til misjonsprosjektet og resten går til oppgradering av kyrkjekjellaren.

Velkommen!

Ansvarskomiteen i kyrkja

Sykkelparkeringa på plass!

El-syklist Erlend Grøtta Giske er godt nøgd med den nye parkeringa!

Etter at el-syklar har blitt “allemannseige” er det fleire som lar bilen stå og heller tek beina fatt når dei skal til ferjekaien på Fogn. Her har det lenge vore dårleg med parkeringsplass for alle typar syklar, men det har det no vorte ordna opp i, etter initiativ frå Fogn grendalag!

Grendalaget har spelt på lag med Vegvesenet (som tek rekninga), Gordon Sunde (som teikna påbygget) og Østhus Bygg og Maskin (som har utført sjølve jobben). No er parkeringa klar til bruk, under tak ved venterommet på kaien!

Totalprisen for det heile er omlag 100 000 kroner, og viser at ein kan koma langt med nokså begrensa midler, når ein samarbeider og tenkjer kreativt!

TV-aksjon søndag 24. oktober

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 24. oktober. På Fogn vert det innsamling med bøsser søndag ettermiddag frå ca. 13.00-16.00. I bøssene er det kontanter som gjeld, men det er råd å vippsa og gje på anna vis.

I år er det PLAN INTERNATIONAL som får midlane frå NRK-aksjonen. BARN, IKKE BRUD er parolen for innsamlinga. PLAN er religiøst og partipolitisk nøytral og har jobba med å hjelpa born sidan 1937. Midlane frå innsamlinga skal nyttast til å hjelpa jenter frå tvangsekteskap i ung alder.

Tekst: Ottar Sandanger