Vikingbåt frå Fogn (Sørvåg) til Jåttåvågen 2. oktober!

Helgøy.jpeg

På laurdag 2. oktober kl. 18.00 speler Viking FK sin første heimekamp etter gjenopninga av samfunnet. Klubben kan no ha fleire tilskodarar enn på lenge, og folk på Fogn vil gjerne bidra til fulle tribunar og god stemning! Difor passar det særs godt at Helgøy Skyssbåt har sett opp direkte båt frå Fogn (Sørvåg kai) til stadion i Jåttåvågen kl. 16.45 på laurdag, og retur rett etter kampslutt!

Båtbillettar koster 200 kr for vaksne og 100 kr for born, og kan kjøpast ved å klikka HER. Det er og mogeleg å møta opp på kaien same dag, utan å ha bestilt billett også. Sjekk elles Facebookarrangementet for turen HER.

NB! Billettar til sjølve kampen inngår ikkje i båtbilletten. Kampbillettar kan kjøpast HER.

NB2! Ein ekstra bonus for dei som nytter denne reisemåten, er at dei kan “varma opp” med å sjå Fogn sitt A-lag spele mot Voll 2 klokka 14.45 på Fogn stadion, og framleis rekke Vikingkampen kort tid etter!

Fognaløp og -meisterskap søndag 3. oktober

Fognameisterskap.png

Om nokon har vore i tvil; Det vert Fognaløp og -meisterskap også dette året! Arrangementet vart utsett til oktober, grunna tett program der mellom anna konfirmasjonar vart flytta til september.

Fognaløp - kl. 13.30
Start ved skulen. Ein kan velgje mellom 5- og 10-kilometersløype. Idrettslaget oppfordrar alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 16 år er 100 kroner. Det vert premiering av til vinnarar i dame- og herreklassen på begge distansar.

Fognameisterskapet - kl. 15.00
Løp, hopp og kast for born i alle aldrar! Premiering til alle!

Velkommen til å både delta, og å vere med og heie!

10. klassingane samlar inn til demensaksjonen

Demensaksjon.jpg

Demensaksjonen har blitt arrangert sidan år 2000, og er Nasjonalforeningen for folkehelsa sin årlige informasjons- og innsamlingskampanje kor dei set fokus på demens og samlar inn pengar til demensforskning og lokale demensaktivitetar.

Årets aksjon vert gjennomført i veke 38, og på Fogn kjem 10. klassingane rundt med bøsser søndag 26. september frå kl. 14.00 og utover. Dei får 15% til klassetur til Evje, resten går til aksjonen.

Det går an å gi med Vipps!

Velkommen til møter på bedehuset i helga

JP Jørgensen.jpg

Helga 24.-26. september kjem Jens Petter Jørgensen for å ha møtehelg på Fogn bedehus. Det vert møter fredag og laurdag kl. 19.30 og søndag kl. 11.00. June Hovda er med og leier songen heile helga, og det vert også tatt opp kollekt på kvart møte.

Jens Petter Jørgensen er truleg mest kjent som initiativtakar til, og leiar av fornyingsrørsla Oase i 20 år, frå 1977-97. Han har også vore lærar på høgskulen i Staffeldts gate i 10 år og undervist i praktisk teologi ved Ansgar teologiske høgskule. Han har og vore lagssekretær, frikyrkjepastor og journalist i avisa Vårt Land.

Tema for helga er “Slitesterk tru”.

Alle er hjarteleg velkomen

Arr: Fogn misjonsforsamling