Fognaløp og -meisterskap søndag 3. oktober

Fognameisterskap.png

Om nokon har vore i tvil; Det vert Fognaløp og -meisterskap også dette året! Arrangementet vart utsett til oktober, grunna tett program der mellom anna konfirmasjonar vart flytta til september.

Fognaløp - kl. 13.30
Start ved skulen. Ein kan velgje mellom 5- og 10-kilometersløype. Idrettslaget oppfordrar alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 16 år er 100 kroner. Det vert premiering av til vinnarar i dame- og herreklassen på begge distansar.

Fognameisterskapet - kl. 15.00
Løp, hopp og kast for born i alle aldrar! Premiering til alle!

Velkommen til å både delta, og å vere med og heie!

10. klassingane samlar inn til demensaksjonen

Demensaksjon.jpg

Demensaksjonen har blitt arrangert sidan år 2000, og er Nasjonalforeningen for folkehelsa sin årlige informasjons- og innsamlingskampanje kor dei set fokus på demens og samlar inn pengar til demensforskning og lokale demensaktivitetar.

Årets aksjon vert gjennomført i veke 38, og på Fogn kjem 10. klassingane rundt med bøsser søndag 26. september frå kl. 14.00 og utover. Dei får 15% til klassetur til Evje, resten går til aksjonen.

Det går an å gi med Vipps!

Velkommen til møter på bedehuset i helga

JP Jørgensen.jpg

Helga 24.-26. september kjem Jens Petter Jørgensen for å ha møtehelg på Fogn bedehus. Det vert møter fredag og laurdag kl. 19.30 og søndag kl. 11.00. June Hovda er med og leier songen heile helga, og det vert også tatt opp kollekt på kvart møte.

Jens Petter Jørgensen er truleg mest kjent som initiativtakar til, og leiar av fornyingsrørsla Oase i 20 år, frå 1977-97. Han har også vore lærar på høgskulen i Staffeldts gate i 10 år og undervist i praktisk teologi ved Ansgar teologiske høgskule. Han har og vore lagssekretær, frikyrkjepastor og journalist i avisa Vårt Land.

Tema for helga er “Slitesterk tru”.

Alle er hjarteleg velkomen

Arr: Fogn misjonsforsamling

Over 100 deltakarar då toppturane vart arrangert for 10. gong!

Ellie, Amadeus, Thomas og Sunniva koste seg på tur!

Ellie, Amadeus, Thomas og Sunniva koste seg på tur!

Søndag 19. september var det duka for den 10. utgåva av 4- og 7-toppsturen på Fogn, i regi av Fogn IL. Det er familien Mallin og Helge Iversen som har vore primus motorar for arrangementet i alle år, og Fogn.org sin utsendte reportar fekk ein drøs med Helge midt mellom Ørnekula og Domfjellet. Der sto turgeneralen og delte ut Kvikk Lunsj-sjokolade sponsa av Windoornet, medan han fortalte både frå årets, og tidlegare års turar!

4 og 7-toppstur  - 10.jpeg

- I år er det over 100 deltakarar, og det er på ingen måte berre lokale. Det er mellom anna med folk frå Stavanger turistforening. Gjennom dei 10 åra vi har arrangert, har det vore med mange frå både Sørlandet, Oslo og Bergen, og alle får sjå mykje av den vakre øya og utsikten vår! Det er rett nok berre 9. gong vi går 7-toppstur, sidan den aller første utgåva var ein rein 4-toppsvariant, men dette er uansett den 10. utgåva av fleirtoppsturar på Fogn!

- Andre arrangement, som t.d. Tour de Fogn, held på i ca. 10 år, og så har det dabba av, kan det same skje med fleirtoppsturane?

- På ingen måte! Turgåing er i vinden som aldri før, så dette vil vi halde fram med lenge! I år får også alle som deltek flotte topptur t-skjorter i målområdet, og desse må jo få bli med ut på tur neste år!

- Vil det vera mogleg å kjøpa desse t-skjortene, for dei som ikkje fekk gå turen i år?

- Nei, t-skjortene er til dei som går 4- og 7-toppstur, og vert ikkje selt på vanleg vis. Men dersom nokon ikkje hadde høve til å gå turen i dag, vil merkinga henge oppe eit par veker til, så det er berre å gå turen, og deretter gi beskjed, så skal det nok bli ei råd med t-skjorter!

Då kvelden kom tikka det inn melding til Fogn.org frå Helge. Han kunne melde om heile 112 deltakarar, og vi fekk også vite kven som hadde blitt trekt ut som vinnar av gåvekort frå Kiwi. Den heldige vinnaren var Helga Tytlandsvik!

Helge sendte også over mange flotte bilete, som er lagt saman med bileta til “reportar” Håvard Østhus i serien under. Takk for turen i dag, og så er det lov å gå tur dei 364 dagane fram til neste års 4- og 7-toppstur!

Søndagsskulefrokost 19. september!

Brød.jpeg

Velkommen til søndagsskulefrokost på bedehuset, søndag 19. september klokka 10.00! Dette blir “startskuddet” for søndagsskulen og søndagsringen hausten 2021. Ta med kjente og kjære som kan ha glede av ein god frokost.

Alle er hjarteleg velkomne!

Etter ein god frokost, vert det bibelfortelling og anna søndagsskuleprogram. Det blir avslutta i god tid før topptur:)