Endeleg klart for A-lagskamp igjen!

Fogn IL.jpg

Det har gått nesten to år sidan Fogn IL kunne invitere til A-lagsfotball på Fogn stadion. Førre kamp var 12. oktober 2019, då Tasta 2 vart sendt heim med eit 4-1 tap i bagasjen.

Sidan den gongen har Fogn IL ikkje spelt ein einaste seriekamp. Laget har heller ingen cup- eller treningskampar i år, så det kan verkeleg bli interessant når Ålgård 2, som Aftenbladet tipper som avdelingsvinnar, står på motsatt banehalvdel fredag 27. august klokka 18.45!

Den kanskje største kampen A-laget har hatt den siste tida, har vore mot robotklipparane på fotballbanen, som tok ein uforholdsmessig lang sommerferie. Dette har bidratt til at dei få treningane ein har fått til, har blitt gjennomført under dels utfordrande baneforhold. Så gjenstår det å sjå om det var underlaget, eller berre det faktum at det har vore nesten to år utan fotball, som har gjort at dei fleste spelarane har kjent på begrensningar knytta til både teknikk og presisjon på treningane…

No ser heldigvis både banen, veret og den opne kiosken ut til å skape gode rammer rundt den første A-lagskampen på Fogn på nesten 2 år! Og det blåkledde heimelaget har jo overprestert før, mykje takka vere entusiastiske supportarar på sidelinja, så her er det berre å møta opp i hopetal!

Velkommen til kamp fredag 27. august klokka 18.45!

Rulleskøytetreff på ny asfalt framover!

Bilde: Skatepro

Bilde: Skatepro

Dei siste åra har det blitt meir og meir asfalt på Fogn. Vegen rundt øya har vore asfaltert lenge, men etterkvart har også fleire gardsrom og parkeringsplassar blitt asfalterte. Dette gjer at rulleskøyter vert aktuelt, og det er mange born på Fogn som har det kjekt på desse!

På torsdagar framover vert det difor rulleskøytetreff kl. 17.00 til 18.30 på parkeringsplassen utanfor bedehuset. Det er Isabelle Kvamsøe som er initiativtakar til dette, og ho kjem til å sitte vakt når treffa vert gjennomført. Alle som vil vere med, må ha på hjelm.

Så her er det berre å ta med seg rulleskøyter og hjelm, og bli med på rulleskøytetreff!

Særs vellukka skattejakt på Fogn!

Fognareven har vist seg fleire gonger denne sommaren!

Fognareven har vist seg fleire gonger denne sommaren!

Mange har besøkt Fogn i løpet av dei 6 gratis båtturane som Stavanger kommune har tilbudt familiar til øyar i Ryfylke denne sommaren. Mellom 20 og 45 har gått av båten på Fogn. Der har dei blitt møtt av guide og etterkvart Fognareven.

Ved butikken har eldresenteret selgt vafler og Oddbjørg tomatsuppe. Ryfylke tomat har sponsa med gratis smak av perletomater. Skattejakten går via Peråsen og ned til Robin Hoodskogen. Familiane har vore fornøyd med turen og utsikten frå Peråsen og ungane har kosa seg på jakt etter skattekart og til slutt med leik i Robin Hoodskogen. Mange har stansa ved butikken og leika på skuleområdet.

Siste dagen var NRK lokalen med og sendte direkte frå stemninga. Me som har vore med syns det er kjekt å vise fram Fogn og dei gode tilbakemeldingane gjere at innsatsen er verd det. Sjølve skattejakten er åpen for alle som vil bli med fram til 22.aug. Husk å registrere navn på deltakerne og bli med i trekning om fine premier.

(Tekst og bilete: Heidi Bø Sangedal)

Skattejakt på Fogn, ekstra opplegg enkelte dagar!

Skattejakt.jpg

Saka under er no oppdatert med fylgjande informasjon:

På dei dagane det er sett opp gratis “skattejaktbåt” frå Stavanger, vert det lagt til rette for litt ekstraopplegg på Fogn. Det betyr at det 19.-20. juli, 26.-27. juli og 2.-3. august frå ca. kl. 11.30 vert:

  • Lokal guide + Fognareven møter folk på kaien når båten kjem kl. 11.25

  • Varm grill, sal av lappar/tomatsuppe og tomatsmaksprøver utanfor den elles opne lokalbutikken vår.

Sidan ruta til “skattejaktbåten” er lagt opp slik at anløpet av Fogn kjem nokså seint (turen til Fogn tek nesten 2 timar), trur vi ikkje det vil bli ekstremt mange som kjem til Fogn på denne måten. Difor håper vi at både fastbuande og folk i hytter kjem innom butikken desse dagane!

Under er resten av den originale saka:

Stavanger kommune arrangerer skattejakt i øyriket sitt frå 12. juli til 22. august 2021! Skattejakta passar godt for familiar med born mellom 3 og 14 år, og ein treng berre ein smarttelefon for å delta. Denne vert nytta til å skanna ulike QR-kodar, som er plassert i terrenget på øyane, og ei av løypene er på Fogn! På Fogn går løypa frå butikken, via Peråsen og til Robin Hood-skogen.

Fleire dagar vert det også sett opp gratis “skattejaktbåt” frå Stavanger, og ein kan truleg rekne med fleire “skattejaktarar” på desse dagane: 19.-20. juli, 26.-27. juli og 2.-3. august.

Les meir om skattejakta, dei ulike destinasjonane og korleis dette eigentleg fungerer, ved å klikke her!

God jakt!