Velkommen til St.hansfeiring!

sthans.jpg

Også dette året er det Fogn IL og Fogn kr. Ungdomslag som arrangerer felles St.hansfeiring på Fogn. Denne gongen skjer dette ved dammen til Aud og Paul Aano, som ligg bak drivhuset til Malvin Sandanger. Parkering ved Erås museum/langs drivhuset.

Arrangementet startar kl. 19.30, med andakt av Anne Sunde. Tenning av bålet skjer ca. kl. 21.00.

Det vert sal av sjokolade, brus og kaffi. Det vert altså ikkje selt pølser i år, men det vert tent eit lite pølsebål for dei som vil spidda medbrakte pølser.

Alle er hjarteleg velkomne!

NB! Det vert dugnad for å dra saman bålet frå klokka 20.00, tysdag 22. juni.

Kva skal frisbeegolfbanen heite?

IMG_6833.jpg

Fogn idrettslag har kjøpt inn 9 frisbeegolfkorger som skal setjast opp på Sæbø, nærare bestemt i marka som vert kalla for “Vestheien”. Her skal det altså bli ein skikkeleg frisbeegolfbane der ein kan spela 9 eller 18 hol, alt etter om ein går banen ein eller begge vegar. Meir informasjon om dette kjem når banen ganske snart står klar.

Men ein frisbeegolfbane må ha eit namn, og her vil idrettslaget ha tips og hjelp frå Fogn.org sine lesarar! Kom med ditt tips innan torsdag 24. juni, så vil ein jury sjå på forslaga, og kåra ein vinnar. Vinnaren vil sjølvsagt få ein frisbeegolfrelatert premie:)

Fyll ut skjemaet under for å senda inn ditt forslag!

Friluftsbasar (eller inne...) på fredag 11. juni

IMG_3435.jpg

Guttelaget sin friluftsbasar har blitt ein innarbeida tradisjon på Fogn, etter at den såg dagens lys for første gong i 1997. Både i fjor og i år har basaren blitt ein kombinert jente- og guttelagsbasar, sidan jentelaget sin basar rundt påsketider har blitt avlyst grunna pandemien.

I år er alle difor invitert til jente- og guttelagsbasar, utanfor Fogn bedehus kl. 18.00 på fredag 11. juni. Det vert andakt av Aud Norunn Myklebust, gratis pølser, brus, kaffi og kake, quiz og trekning/loddsal til inntekt for Misjonssambandet sitt arbeid. Det er flotte premiar, mellom anna SUP-brett og bålpanne.
Alle som kjem vert registrerte og vi fylgjer dei til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglane. Vi låner border og benker på butikken, så folk treng ikkje å ta dette med seg sjølv.

Så ser vi at det er meldt “så som så” vèr på fredag kveld. Dersom det vert vanskeleg å gjennomføra basaren utandørs, trekk vi inn på bedehuset, og tilviste plassar der.

Velkommen til basar!

NB! Om nokon ikkje skal på basaren, men vil kjøpa lodd via Vipps, er dette mogleg fram til og med klokka 19.00 på basardagen. Bruk då vippsnr. 638341, og merk betalinga med den/dei som skal ha lodda.

Fogn jente- og guttelag

Søndagsskuleavslutning 6. juni!

IMG_6447.JPG

Alle er hjarteleg velkomne til avslutningssamver i Fogn søndagsskule og søndagsring!

Med song og forteljing, grilling og leik.

Foreldre, sysken, venner og kjenningar:
MØT OPP I SELVÅGVÅGEN NO PÅ SØNDAG KL 11.00
Ved naustet til Helga og Ståle.

Ta med eigen grillmat og drikke :)

Parkering ved hønsehuset/Statoilhyttene.

Dersom det blir regn, så droppar i dette og har vanleg søndagsring og søndagsskule på bedehuset.
Følg med på Fogn.org, der evt. endringar blir gjort kjent.

Ny leiar i Fogn grendalag

IMG_7177.jpg

På årsmøtet i Fogn grendalag, som vart gjennomført 3. juni 2021 på Fogn oppvekstsenter, vart Ole Klingsheim valt til ny leiar. Ole overtar oppgåva etter Elisabeth Leiros, som har vore leiar det siste året. 19 medlemmer møtte opp, og deltok aktivt både i samtale og val!

Det nye styret i Fogn grendalag ser, etter årsmøtet, slik ut:

Ole Klingsheim, leiar (2 år att)
LIv Bottolfs (2 år att)
Arnstein Bøe (2 år att)
Oddny Kjølvik (2 år att)
Tora Sandanger (1 år att)
Jon Olav Runestad (1 år att)
Christoffer Inge Hovda (1 år att)

Ny valnemnd ser slik ut:

Håvard Østhus, leiar (1 år att)
Ivar Opsal (2 år att)
Heidi Bø Sangedal (3 år att)

Ottar Sandanger vart valt til revisor.

Takk til alle som på ulike måtar har bidratt både i styret, underkomitear og på andre måtar i grendalaget det siste året!

Referat frå årsmøtet kan lesast her.

Tour of Norway kjem til Fogn igjen!

Tour of Norway for kids.jpg

For 3. gong i historia kjem noregs største sykkelritt, Tour of Norway for kids, til Fogn igjen! Dette skjer tysdag 29. juni ved Fogn oppvekstsenter, og er åpent for alle mellom 0 og 12 år som har hjelm og noko med hjul:) Det er også stor stas når folk i alle aldrar møter opp og gjer dette til ein folkefest, slik det har vore dei to føregåande gongene Fogn har arrangert rittet!

Påmelding og meir informasjon er på denne lenka.