Jula vert sungen inn med konsert!

Også i år vert jula sungen inn i Fogn kyrkje, om enn på ein litt annan måte enn vi har gjort dei siste åra. Det har kome føringar frå Den norske kyrkja nasjonalt om at ein må halde 2 meter avstand mellom husstandar dersom ein skal ha fellessong. Dette er vanskeleg å få til i praksis i kyrkja, noko som gjer at det i år ikkje blir allsong, men ein førjulskonsert ved lokale krefter, søndag 13. desember kl. 18.00 i Fogn kyrkje!

Sidan det er eit makstal på 50 personar (påmelding til Heidi på 47010909) som kan få plass i kyrkja, vil konserten sendast direkte på Fogn kyrkje si Facebook-side. Det vil i denne anledning bli testa ut nytt utstyr til streaming. Arrangøren set pris på konstruktive tilbakemeldingar knytta til både bilete og lyd i denne samanheng, slik at dei kan bli enno betre på slike overføringar framover!

Ny flott plakat laga av Bernt Sunde

Ny flott plakat laga av Bernt Sunde

Pengedryss frå kommundelsutvalet

finnoy-kommunedelsside.jpg

Finnøy kommunedelsutval har, både vår og haust, ein pott med pengar som dei kan dela ut som tilskudd til ymse føremål og organisasjonar i kommunedelen. No i november var det to føremål på Fogn som vart tilgodesett med midlar:

  • Fogn grendalag fekk 20 000 kroner til arbeid med turstiar

  • Fogn misjonsforsamling fekk 15 000 kroner til nytt lydanlegg på bedehuset

Vi på Fogn set stor pris på at Stavanger kommune og kommundelsutvalet i Finnøy på denne måten bidreg til å støtta det frivillige arbeidet i kommunedelen, og ser fram til å sjå at støtta vert brukt på dei ulike prosjekta!

Stor støtte til tursti!

IMG_0099.jpg

Fogn grendalag søkte i haust Sparebankstiftelsen SR bank om støtte til oppgradering av turstien frå kaien. Denne stien er første del av turnettet som blant anna går til Peråsen og Ørnakulå. Det er kjekt å kunne gje besøkjande eit godt førsteinntrykk. Samtidig er dette ein velbrukt sti både av skuleelevar og andre som pendler med båt. Me vil utbetre stien ennå meir med blant anna bedre trinn og rekkverk. Til dette har me fått kr 50 000,- av @Sparebankstiftelsen SR - bank.

Tusen takk for flott støtte!

Målet er å bruke våren til oppgraderingsarbeidet. Biletet er frå stien etter tidlegare dugnadsarbeid.

Fogn grendalag

Guttelagsbasaren blir digital!

3-holiday-gifts-for-online-learners-and-teachers.jpg

Grunna koronarestriksjonar er det ikkje mogleg å samlast til guttelagsbasar som vanleg, fredag før første søndag i advent. Men basaren, som samlar inn pengar til NLM sitt misjons- og bistandsarbeid, vert ikkje avlyst av den grunn!

Fredag 27. november kl. 19.00 vert det livesending av trekning på Fogn.org si Facebookside. Loddsalet er ope frå og med no og fram til 10 minutter før trekninga startar.

Lodda kostar 10 kroner stykket, og kan kjøpast på Vippsnr 638341. Berre overfør det beløpet du ynskjer å kjøpe for, skriv kven lodda skal stå på i merknadsfeltet, og så er du med i trekninga!

Guttelagsgutane frå 2.-7. klasse er velkommen til ei juleavslutning med andakt og pizza frå klokka 18.00 på bedehuset denne kvelden. Samlinga vert avslutta med trekning av mange kjekke gevinstar, klokka 19.00.

Her er det berre å kjøpe lodd og fylgje med på trekninga på Fogn.org si Facebookside!

NB! Vunne gevinstar vert levert på Fogn. Vi finn måtar å overlevere gevinstar til folk som bur andre stader.

Fogn Guttelag

Rekordsum trass annleis aksjon!

Flyktning 2.jpg

Sjølv om årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter måtte gjennomførast på ein heilt anna måte enn vanleg, vart det sendt ein rekordstor sum til Flyktningehjelpen! Heile 22 390 kroner kom inn gjennom loddsal med trekning om kvelden, torsdag 12. november.

Grunna smittevern var det “berre” elevar og tilsette som kunne vere med denne kvelden, og etter trekninga var det framsyning av filmen “Bestevenner” i gymsalen.

Ein flott kveld for dei som høyrer til på skulen, og eit flott resultat som kan få stor betydning for dei får glede av pengane som kom inn!