Rekordsum trass annleis aksjon!

Flyktning 2.jpg

Sjølv om årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter måtte gjennomførast på ein heilt anna måte enn vanleg, vart det sendt ein rekordstor sum til Flyktningehjelpen! Heile 22 390 kroner kom inn gjennom loddsal med trekning om kvelden, torsdag 12. november.

Grunna smittevern var det “berre” elevar og tilsette som kunne vere med denne kvelden, og etter trekninga var det framsyning av filmen “Bestevenner” i gymsalen.

Ein flott kveld for dei som høyrer til på skulen, og eit flott resultat som kan få stor betydning for dei får glede av pengane som kom inn!

Annleis solidaritetsaksjon i år

Flyktninghjelpen-i-skyen-med-Okta.jpg

Som så mykje anna i 2020, så vert heller ikkje skulen sin tradisjonsrike solidaritetsaksjon arrangert som vanleg grunna pandemien.

Den store fellessamlinga med servering av mat, kjekke aktivitetar og sal av diverse utgår, og vert erstatta av ei utlodning med trekning torsdag 12. november på skulen. I denne anledning vil det bli sal av lodd ved butikken og i nabolag på Fogn enkelte ettermiddagar framover.

Pengane som vert samla inn, vil i år gå til Flyktningehjelpen.

Konfirmantane (endeleg) i mål!

Foto: Kristian Sandanger Iversen

Foto: Kristian Sandanger Iversen

Etter det som må vere ei rekordlang konfirmasjonstid, vart dei 5 tiendeklassingane frå Fogn endeleg konfirmerte laurdag 17. oktober! Konfirmasjonen vart som kjent utsett grunna koronapandemien i vår, men no kunne altså det heile gjennomførast, med trygge smittevernreglar.

Det var kun familiar og konfirmasjonsgjester som kunne vere med i kyrkja denne laurdagen, då prest Tor Egil Eriksen gjorde “comeback” i soknet for å avslutte konfirmasjonstida for denne gruppa med ungdomar.

Årets konfirmantar er, frå venstre mot høgre på biletet over:

Anna Sandanger Iversen, Ida Hovda Rørheim, Thomas Bøe Sevheim, Gjertrud Kathrine Hovda Aukland og Eirik Bø Rolfsen.

Vi gratulerer!

Støtt opp om årets digitale TV-aksjon!

kampanjebilde.png

Som så mykje anna i 2020, så vert heller ikkje TV-aksjonen arrangert slik vi kjenner den frå tidlegare, i dette koronaåret. Der det før kom folk på dørene med ei innsamlingsbøsse i handa, vil vi i år erfara digitale bøssebærarar på nett og i sosiale medier. I gamle Finnøy kommune har alle medlemmene i kommunedelsutvalet sagt ja til å vera digitale bøssebærarar, og for Fogn gjeld dette då Ottar Sandanger og Jon Olav Runestad. Bøssebærarane er oppfordra til å opprette sine digitale bøsser før sjølve aksjonsdagen, som er søndag 18. oktober. Men korleis støtter ein aksjonen i år, når ein ikkje kan putte myntar og sedlar på ei eiga bøsse?

Det er faktisk ganske enkelt å støtte aksjonen ved å gi i ei digital bøsse. Kvar bøssebærar har fått si eiga side på spleis.no, der alle som vil kan gi via Vipps, kort eller faktura. Her har ein full oversikt over kor mykje som er samla inn, og kva midlane kan nyttast til. I år er det World Wildlife Fund (WWF) sitt arbeid mot plast i havet som får midlane frå TV-aksjonen. Plast i havet er ei stor utfordring, ikkje berre for dyrelivet, men faktisk for alle menneske på jorda, så her er det berre å støtta!

Ottar si digitale bøsse er alt “oppe og går”, så det er berre å klikka HER for å sjå kor mykje som er kome inn i bøssa, og vera med og støtta sjølv!