Glimt frå flotte toppturar!

Bilde_27.09.2020,_15_11_57.jpg

For 9. gong arrangerte Fogn IL, med familien Sandanger Iversen i spissen, 4- og 7-toppstur på Fogn! Også i år vart det ein flott dag på tur med godt vèr, god stemning og nydeleg utsikt! 54 personar deltok på den lange turen over 7 toppar, medan 22 gjekk for den kortare ruta over dei 4 siste toppane.

Ein viktig motivasjonsfaktor på desse turane, er at det på fleire av toppane var ei lita overrasking til alle som kom opp. I år var det sjokoladar, tomater og buffar som venta dei som nådde heilt opp!

Det vart også trekt ein vinnar av eit gåvekort på 500 kroner frå Kiwi. Leiar i Fogn IL, Jakob Bø, trakk vinnaren, som i år vart Alf Svendsen.

Takk for turen!

Klart for 4- og 7-toppstur

Søndag 27. september blir det arrangert topptur.

Litt informasjon om turane:

Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00

Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30

Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .

Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Det er Fogn IL som lagar til turen. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.

Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.

DSC_0219.JPG

Bli med på stidugnad på laurdag!

Fogn.png

Fogn grendalag inviterer til dugnad på stien frå kaien og opp til skulen, laurdag 19. september frå klokka 10.00-13.00! Denne stien er det mange som har stor glede av, og grendalaget håper at mange møter opp og gjer ein innsats!

Det er flott dersom dei som har høve til det tek med seg spade, trillebår, hagesaks, motorsag o.l.

Vi skal legge på ny grus, rydde bort litt tre/greiner etter at geitene har renska stien og sette nye pærer i utelysa langs stien.

Velkommen til å ta i eit tak for fellesskapet!

Fogn Grendalag

Bli med på frukttur til Helgøy!

Fruktgard.jpg

Akkurat nå bugner frukttrea i Ryfylke av frisk, sunn og herlig frukt! 

Bli med på båtcruise med Jon Arne Helgøy frå Stavanger, Tau, Talgje, Fogn og Grønvik. På fruktøya Helgøy får du vandre gjennom tusenvis av frukttre og oppleve moderne fruktdyrking. Du blir servert to rettars lokal lunsj på det nyåpna lokalet til Helgøybakkane Fruktgard. Her blir det også mulighet for å kjøpa med seg saft og syltetøy, epler som Summerred og Gravenstein, og den nye, norske pæra Celina.
Ein må vera kledd etter været og ha godt skotøy til ca 1 km gange på grus og gras.

Pris for båttur, omvisning og 2 rettars lunsj med kaffi kr 749,- Bestill HER!

Lørdag 19.september:
Båten går frå Stavanger/Strandkaien kl 11.00
Tau kl 11.25
Talgje kl 11.35
Fogn/Sørvåg kl 11.50
Grønvik kl 12.00

Tilbake ca kl 16 frå Helgøy.

Velkommen!

Glimt frå Fognaløp og Fognameisterskap 2020

Jonas Sandanger i svevet, medan familien fylgjer spent med i bakgrunnen.

Jonas Sandanger i svevet, medan familien fylgjer spent med i bakgrunnen.

Søndag 13. september var det igjen duka for både Fognaløp og Fognameisterskap i friidrett. Sjølv om vèret ikkje viste seg frå si beste side, var det både god stemning og mange deltakarar som stilte sporty opp!

Som vanleg var det to distansar på Fognaløpet. Dei som ikkje ville springe langs hovudvegen rundt øya, kunne delta på 5 kilometeren som gjekk rundt “nullen”.

Thea Hovda Rørheim vann 5 km i dameklassen på tida 26,47, foran Emma Grønås på 32,29. I herreklassen på den same distansen vann Josef Bø brødreduellen med storebror Jørgen, då han klokka inn på 22,24 mot Jørgens 23,21. Filip Sandanger Iversen kom på tredjeplass med 27,08.

På runden rundt øya var Anna Sandanger Iversen raskaste dame på 56,47, foran Solfrid Torgersen på 58,27. Den lengste distansen for herrane vart vunne av Jakob Bø på kruttsterke 37,57, foran Kristian Sandanger Iversen med tida 39,22. Tredjeplassen vart delt mellom Sander Rørheim og Sondre Sandanger Sørheim.

Etter gjennomførte løp og tilhøyrande medaljeseremoniar, var det tid for 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball for alle som ville vere med på dette!

Sjå ein fyldig serie med bilete under: