Avlyste arrangement grunna coronavirus

coronavirus hero.jpg

Grunna situasjonen rundt coronaviruset vert alle arrangement på Fogn avlyst i tida framover. Dette gjeld t.d. Fogn IL sin årsfest som eigentleg skulle vore på fredag, og møtet med Evangeliesenteret som skulle vore på bedehuset på søndag. Det vert heller ingen arrangement i kyrkja, og all form for organisert idrett er også lagt ned i ein periode. Grendalaget sitt årsmøte 25. mars er også avlyst.

Vi kjem tilbake med meir konkret informasjon, når denne føreligg.

Hugs årsmøte i helselaget onsdag .

Nasjonalforeningen_for_folkehelsens_logo.jpg

Helselaget vil invitere til årsmøte:

Onsdag 4.mars klokka 1830 på Fogn Oppvekstsenter.

Dr. Eivind Vestbø skal halda eit interessant foredrag om demens
Enkel servering
Trekning av tre heldige vinnarar frå turbøkene
Utlodding - ta gjerne med ein gevinst

Sakliste

 Val av møteleiar, referent og to representantar til å godkjenne og underteikne referatet
 Godkjenning av årsmelding og rekneskap
 Aldersgrense for deltaking på førjulsfesten for pensjonistane
 Innkomne forslag
o Matkurs
 Val
o To nye styremedlemmar

Hjarteleg velkommen

Velkomen til kulturkveld om Telavågtragedia!

bdsywor2kr7a76e119uz2wvbw03et2.jpeg

Torsdag 27. februar kl. 18.30 inviterer Sølvi og Svein Østhus til kulturkveld heime hos seg sjølv. Haldor og Elen Telle kjem for å fortelje om tragedia som skjedde i Telavåg under 2. verdskrig. Haldor er tidsvitne og er ein av dei få som framleis kan fortelja detaljert om det som fann stad då tyskarane utrydda Telavåg.

Alle som er interesserte i historia er hjarteleg velkomne!

Bruktmarked som har kome for å bli!

Bilde 15.02.2020, 12 07 50.jpg

Kva er likheita mellom sykkelrittet Tour de Fogn og bruktmarknaden til Fogn grendalag? Dei fleste som kjem for å sjå på seier at dei vil vere med sjølv neste år:) Det var i alle fall det som var gjennomgangstonen blant dei omlag 50 personane som møtte opp for å sjå kva som var til sals/bytte denne laurdagen, då Fogn grendalag arrangerte brukt- og byttemarknad på Fogn oppvekstsenter. Sjølv om det berre var 4-5 som kom med ting dei ville selgja/gi vekk, var det “god gang” i gymsalen, der folk gjekk og såg på alt det andre ville bli kvitt, og mange ting skifta eigar.

I foajeen vart det servert graut, og mange nytta høve til å ta laurdagsgrauten saman med sambygdingar og andre som hadde møtt opp på bruktmarknaden denne dagen. Det var særleg her ein høyrde snakk om alle som ville vere med til neste år, når dei nå såg korleis dette føregjekk, og at det var lov å vere med anten ein hadde mykje eller lite ein ville kvitte seg med.

Så at det er marknad for ein bruktmarknad, det verkar heilt klart, og vi har difor stor tru på at dette arrangementet har kome for å bli!