Juleavslutning for gjengen på Hobby og tru

Bilde 02.12.2019, 18 17 14.jpg

Annakvar måndag samlas ein god gjeng med born i alderen 1-6 år i kyrkja, for å vera med på Hobby og tru. Det er strengt tatt ikkje berre borna som samlast, sidan ein del har med seg føresette, og så tek Heidi imot alle saman i kyrkja. Her er det ei lita samling med litt fortelling og song, i tillegg til at det alltid er ein aktivitet.

Denne siste gongen før jul var det pepperkakebaking som sto på programmet. Mange hadde møtt opp, og baka ivrig i veg i kjellaren, før det var ei lita samling oppe i kyrkjerommet. Etterpå var det tid for å smaka på baksten, noko alle såg ut til setja stor pris på!

Ein fin avslutning, som de kan sjå nokre glimt frå i serien med bilete under:

Cupfinalen på storskjerm på skulen

2cbf4045-f4f4-4df8-ac99-2d518bd1478b (1).jpg

Søndag 8. desember frå klokka 12.25 blir det storskjermvisning av cupfinalen mellom Haugesund og Viking. Visninga blir på Fogn oppvekstsenter, og alle er hjarteleg velkomne! Det vert servering av pølse og brød klokka 13.00 og arrangør Fogn IL byr også på litt snacks til kampen!

I tillegg til at det vert ein spanande fotballkamp, kan ein også sjå etter kjende på tribunen, då det er mange frå både Fogn og andre øyar i kommunen som tek turen til hovudstaden for å sjå kamp denne helga. Men storskjermvisninga vert altså eit godt alternativ til dei som held seg på Fogn denne søndagen!

Arr: Fogn IL

Vil du bli med i julekoret?

38342048-Unknown.jpg

Vi held fram med korøving for alle songglade gutar og jenter, damer og menn, som har lys til å syngje i kor. 5. klasse til 100 år…

Det er ikkje krav om at du skal kunne syngje etter noter, eller kunne syngje andre stemmar enn melodistemma.

Denne gongen er det songar med tema knytt til jul som skal syngjast. Songane er kjente med både norsk og engelsk tekst.

Planen er å syngje på “Vi syng jula inn” den 15. desember, og vi øver desse kveldane i kyrkja:

Torsdag 5. desember kl. 19.30
Mandag 9. desember kl. 19.00
Søndag 15. desember etter avtale og før arrangementet

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!
Dette kan lett bli bra!

Dersom du lurer på noko, kan du ta kontakt med Wicor Juul 48898353 eller Hilde Folkvord Juul 48869452.