Cupfinalen på storskjerm på skulen

2cbf4045-f4f4-4df8-ac99-2d518bd1478b (1).jpg

Søndag 8. desember frå klokka 12.25 blir det storskjermvisning av cupfinalen mellom Haugesund og Viking. Visninga blir på Fogn oppvekstsenter, og alle er hjarteleg velkomne! Det vert servering av pølse og brød klokka 13.00 og arrangør Fogn IL byr også på litt snacks til kampen!

I tillegg til at det vert ein spanande fotballkamp, kan ein også sjå etter kjende på tribunen, då det er mange frå både Fogn og andre øyar i kommunen som tek turen til hovudstaden for å sjå kamp denne helga. Men storskjermvisninga vert altså eit godt alternativ til dei som held seg på Fogn denne søndagen!

Arr: Fogn IL

Vil du bli med i julekoret?

38342048-Unknown.jpg

Vi held fram med korøving for alle songglade gutar og jenter, damer og menn, som har lys til å syngje i kor. 5. klasse til 100 år…

Det er ikkje krav om at du skal kunne syngje etter noter, eller kunne syngje andre stemmar enn melodistemma.

Denne gongen er det songar med tema knytt til jul som skal syngjast. Songane er kjente med både norsk og engelsk tekst.

Planen er å syngje på “Vi syng jula inn” den 15. desember, og vi øver desse kveldane i kyrkja:

Torsdag 5. desember kl. 19.30
Mandag 9. desember kl. 19.00
Søndag 15. desember etter avtale og før arrangementet

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!
Dette kan lett bli bra!

Dersom du lurer på noko, kan du ta kontakt med Wicor Juul 48898353 eller Hilde Folkvord Juul 48869452.

Musikalsk og vellukka kyrkjebasar!

38342048-Unknown.jpg

Mykje folk møtte fram til basaren i kyrkja.  Dei som var der fekk med seg eit variert repetoar frå det nye prosjektkoret «The Basar Choir» Av musikalske uttrykk høyrte me både munnspel, gitar, blokkfløyte, slagverk og flygel. Salen var begeistra og det kan nok hende at fleire har lyst å bli med om det  blir eit Julekor til Me syng jula inn.

Messing er som vanleg solide, det er veldig kjekt at me har ei blåsegruppe på Fogn – dei løftar stemninga i taket.

Me i ansvarskomiteen er stolte og takksame for dei musikalske ressursene me har på Fogn og særskild takk til Hilde og Wictor som drog dette i gang. Takk og til vår lokale lydmann Bjørn.

Øyvind snakka om dugnadsarbeidet som har vore og viste bilete av kva  fjorårets basarpengar er brukt til og kor fint det er blitt med mur og belegningsstein. Me  er svært takksame for den jobben dugnadskomiteen v/ Øyvind,  Arne og Bjørn m/fleire har gjort.

I kyrkjekjellaren etterpå var det mat og kaffi. Loddsalget gjekk unna og me fekk inn drøye 38 000,- Pengane er tenkt brukt til lyssetting på parkeringsplassen og tilkomsten opp til kyrkja. Me vil og kjøpe inn litt utstyr til musikkarbeidet.  

Tusen takk til alle som laga mat, bidrog med gevinstar og til alle som tok lodd!

På vegne av ansvarskomiteen Heidi

Både biletet øvst i saka, og alle bileta i serien under er knipsa av Else Jorunn Løland Vold.