Fognatomater sentrale i aktuell artikkel

Skjermbilde.PNG

NRK har laga ein omfattande nettartikkel om det skjulte matsvinnet i Noreg, der mellom anna sauer i Rakkestad, poteter frå Flisa og tomater frå Fogn står sentralt.

Den gravande journalistikken fokuserer på all maten som går til spille i eit samfunn som utad verker særs opptekne av lite matsvinn og kortreist mat. Det er både konkurranse mot importerte varer og “kravet om perfekte produkt” som fører til dette store matsvinnet. No høyrer det med til historia at det er lite kasting av tomater på Fogn, men utfordringa her er at tomatene gjerne ligg på lager så lenge at det går ut over holdbarheita, som igjen fører til meir matsvinn i butikkane og evt. hjå forbrukarane.

Takk til Arne Torgersen som våger å vere open om dette som heilt sikkert ikkje er populært å vere open om i ein knallhard marknad der pris og utsjånad diverre ser ut til å spele ei større rolle enn det som er ynskjeleg. Les heile artikkelen HER.

Tilbakeblikk på solidaritetsaksjonen

Bilde 24.10.2019, 16 26 22.jpg

I førre veke vart den tradisjonsrike solidaritetsaksjonen på Fogn oppvekstsenter arrangert, denne gongen til inntekt for born i Bangladesh. Rekordmange folk, både store og små, møtte opp og fekk med seg informasjon om prosjektet og “Blime-dansen” i gymsalen, før aktivitetar og matsal tok til. Det var ein heil del som sto “på menyen”, og vi listar opp:

  • Sal av suppe med tilbehør

  • Sal av kaker, saft og kaffi

  • Bruktmarknad

  • “Hud og hår”-avdeling

  • Spøkelseshus

  • Kasting på blikkboksar

  • Bottleflip

  • Sal av diverse varer frå innsamlingslanda til organisasjonen “Hei verden”

  • Loddsal og tippekonkurranse

Stemninga var på topp heile tida medan aksjonen sto på, og det kom totalt inn rekordmange 21 592 kroner til “Hei verden” sitt prosjekt i Bangladesh!

Sjå fleire bilete frå aksjonen under:

Flotte bilete og ny samling i Fogn fotoforum!

Fogn fotoforum, som er for alle som liker å ta bilete, skal ha ny samling på Fogn oppvekstsenter, onsdag 23. oktober klokka 18.00-19.00. På samlinga ser vi på bilete som er knipsa sidan førre samling, og så forklarar Stig Rolfsen oss litt meir om kva “lukkartid” og “blendaropning” er, og kva dette kan ha å seie for bileta vi knipsar.

Alle er hjarteleg velkomne!

Under er nokre av bileta som er knipsa sidan sist, og som er lagt ut i Facebookgruppa Fogn fotoforum!

Er du glad i å synge?

Kor.jpg

Vi vil gjerne invitere alle songglade gutar og jenter, damer og menn, som har lyst til å syngje i kor. Frå 5. klasse til 100 år….

Songane er kjente med både norsk og engelsk tekst. Det er ikkje krav om at du skal kunne syngje etter noter, eller kunne syngje andre stemmar enn melodistemma.

Songane blir henta frå sjangrane gospel, pop og country.

Dersom vi blir mange nok, har vi plan om å syngje på kyrkjebasaren den 16. november.

Vi øver desse kveldane i kyrkja:

  • Torsdag 31. oktober kl. 19.30

  • Torsdag 14. november kl. 19.30

  • Laurdag 16. november

Alle er hjarteleg velkomne!

Dette kan lett bli bra!

Dersom du lurer på noko, kan du ta kontakt med:
Wictor Juul 48898353 eller Hilde Folkvord Juul på 48869452.

Topptur i fine haustfargar!

DSC_0219.JPG

Mange turglade møtte opp til årets 4- og 7-toppstur. Dei fekk sjå Ryfylke frå si beste side med glimt av sol, vindstille, 10-12 grader og mange fine haustfargar.

Alle som gjekk, fekk både varme pølser, snackstomater, kvikklunsj, buff og t-shirt utdelt undervegs på turen. Idrettslaget takkar Joker Fogn, Østhus bygg&maskin, Windoornet, Stavanger Installasjon, Ryfylke Tomat og Kiwi Finnøy for bidrag.Med over 80 deltakarar vart det ein ny flott søndagstur på Fogn.

Den heldige vinnaren av gåvekortet, som vart trekt blant alle som fullførte, vart 8.klassingen Emma Grønås. Gratulerer.

Klikk her for å sjå bilete!