Vil du ha asfalt?

Resurfacing-Roads-Bergen-County-NJ-Riggi-Paving.jpg

Det skal igjen asfalterast på Fogn, og når ein først skal asfaltera, er det gjerne nokon som ynskjer å asfaltere private vegar og gårdsrom i same slengen. Når fleire “melder seg på”, vert det også ofte billigare per kvadratmeter.

Dersom nokon ynskjer ei uforpliktande befaring og pris knytta til eit mogeleg asfaltprosjekt, må dei ta kontakt med Øyvind Sandanger på 92 09 09 18 snarast.

Fotoklubb på Fogn?

IMG_7633-1450x909.jpg

Er du glad i å ta bilete? Veit du om gode plasser å ta bilete på Fogn? Har du nokre blinkskudd du ville ha vist, eller lurer du på korleis du kan redigera bilete i etterkant for å gjera dei enno betre?

Stig Rolfsen har lenge gått med ein tanke om å samle ein gjeng frå Fogn som har det til felles at dei liker å ta bilete. Desse kan dele erfaringar, tips og triks med kvarandre, og kanskje bli einige om å fotografere eit bestemt tema, og så sjå på bileta saman i etterkant. Kanskje det hadde vore interesse for ei fotoutstilling med bilete frå Fogn, eller kanskje ei Facebookgruppe med “Fognafoto” hadde vore noko?

Stig delte desse tankane med Håvard Østhus for ei stund sidan og no vil desse to invitere alle som kjenner at dette kan høyrast interessant ut, til ei samling på Fogn oppvekstsenter, måndag 23. september klokka 19.00. Her vil ein samtala om kva ein eventuelt kunne tenkt seg å gjort knytta til dette med fotografering på Fogn.

PS! Stig understreker at ein ikkje treng all verdas fotoutstyr for å stille på samlinga. Mobilkamera held ofte i massevis!

Velkommen!

Arrangement i kyrkje og bedehus dei neste dagane

69571287_2274153212633226_8092530413655818240_n.jpg

Det skjer ein heil del i kyrkja og på bedehuset dei neste dagane. Alt ligg inne i kalenderen her på Fogn.org, men her kjem ei lita påminning:

Søndag 8. september kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Indre Sjømannsmisjon avslutter si møteveke på bedehuset. Dagfinn Sandal er med som talar. Noko å bita i etter møtet.

Søndag 8. september kl. 18.00 - Bønn- og lovsangskveld i kyrkja
Ein kveld med bønn for øya vår og kommunen vår. Litt solosang, men mest allsang. Lokale krefter vil spele og vere forsangerar. Både barn og vaksne vil vera med. Anledning til forbønn.
Arr: Lokal komitè/ansvarskomitèen.

Måndag 9. september kl. 17.30 - Diverse barnelag i kyrkje og på bedhuset
Hobby og tru, for borna til og med 1. klasse, samlast i kyrkja. Andakt og aktivitetar.

Gutte- og jentelaget, for borna frå og med 2. klasse, samlast til felles oppstart på bedehuset. Andakt, leiker og mat.

NB! Vi minner også om at båten Elieser kjem til Sørvåg tysdag 10. og onsdag 11. september. Her vert det møte med utlodning klokka 19.00 begge kveldane.

Mange glimt frå Fognaløp og Fognameisterskap!

Bilde 01.09.2019, 14 47 45.jpg

Søndag 1. september var det igjen tid for det årlege Fognaløpet og Fognameisterskapet. Først ut var løpet, der ein også i år kunne velgja mellom ein heil og ein “halv” runde rundt øya. Lilly C vann jenteklassen og Josef Bø vann gutteklassen på den halve runden. Dei sprang på henholdsvis 30,02 og 23,38. På den heile runden gjorde fam. Iversen reint bord, ved Anna og Kristian Sandanger Iversen. Dei sprang på tidene 54,17 og 42,46.

Deretter var det tid for 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball for barn i alle aldrar. Mykje god innsats, mange smil og særs god stemning!

Sjå ein fyldig serie med bilete under. Bileta er knipsa av Mallin Sandanger Iversen, Julie Bø, Jørgen Bø og Håvard Østhus.