Tour de Fogn 2019

Det vart eit flott sykkelritt. Under kan du sjå resultatlista og ein video frå dagen:

Resultatliste:

  1. Bjarte Gausel 37:57

  2. Ørjan Klev Ladstein 38:37

  3. Håvard Østhus 38:45

  4. Paul Østebø 39:40

  5. Morten Sangedal 40:22

  6. Ivar Opsal 40:23

  7. Helge Iversen 43:47

  8. Jørgen Bø 44:07

  9. Arvid Egeland 49:53

  10. Gordon Sunde 57:13

  11. Ole Johan Sandanger 01:14:47

Dei over 60:

  1. Njål Hetlelid 51:11

Kvinner:

  1. Tora Sandanger 50:12

  2. Heidi Bø Sangedal 57:13

El-sykkel:

  1. Arne Torgersen 37:20

Video:


Det skjer på laurdag!

Tour de Fogn.jpg

Laurdag 29. juni er ein aktiv dag på Fogn, høyr berre her:

Klokka 13.00 - Tour de Fogn
I år vert Tour de Fogn eit eindagsritt, med to rundar rundt Fogn. Start og mål på skulen. Det er gratis å delta, men alle må vere over 16 år, ha hjelm og ikkje racersykkel.

Klokka 14.00 (ca.) - Barneritt
Barneritt på sykkel etter Tour de Fogn. Vær klar frå klokka 14.00 på skulen. Premie til alle som deltek i barnerittet!

Klokka 14.00-16.00 - Grilling på butikken
Biff, hamburgerar, pølser ++ og tilbehøret potetsalat og grønn salat. Kr. 50 per person, spis så mykje du vil. Betaling med kontanter eller på vipps til Ivar Opsal tlf 99567320.

Velkommen!

Velkommen til St.Hans-feiring!

sankt_hans_baal.jpg

St.Hans-feiringa på Fogn vert i år på Sæbø, nærare bestemt i området mellom Jon Olav og Håvard Østhus. Parkering ved drivhusa til Jostein Østhus. Gå ned mot Håvard, så ser de bålet på venstre side.

Vi byrjar klokka 18.00, og bålet blir tent ca. kl. 19.30. Det vert andakt av Christoffer Inge Hovda og sal av pølser, kaffe og diverse kioskvarer. Leiker og aktiviteter. Ta gjerne med noko å sitja på, t.d. campingstol, sitjeunderlag e.l.

Alle er hjarteleg velkomne!

Arr: Fogn kristelege ungdomslag og Fogn idrettslag

Leif Arild Steen til Fogn!

Det blir humor, visesang og Oddbjørgs tomatsuppe på Fogn i juli!

Fredag 12. juli kommer Leif Arild Steen til Fogn Oppvekstsenter med den humoristiske forestillingen sin Innoverlent. Her stiller han blant annet det viktige spørsmålet; kan en ekte ryfylking snakke kinesisk? I tillegg tar han med seg en visesanger som vil få fram den gode sommerfølelsen.

Siden Oddbjørg Måland stiller med sin nydelige tomatsuppe, åpner vi dørene kl17.30 slik at folk får tid til å mingle og spise før forestillingen starter kl18.30

Billettsalg på døren. Pris: 250,-

Velkommen!

Friluftsgudstenesten vert flytta inn i helga

Fogn kyrkje.jpeg

Første pinsedag var det planlagt friluftsgudsteneste i Eidsvåg, men grunna værutsikter med vind og regn, har det blitt bestemt at Gudstenesten denne søndagen, 9. juni, vert gjennomført inne i kyrkja klokka 11.00.

Det er Anders Kvalevåg som er prest, musikk ved Messing. Takkoffer til Misjonsalliansen. Nattverd. Kyrkjekaffi.

Friluftsgudstenesten i Eidsvåg vert utsett til søndag 16. junii 11.00.