Fogn slo Buøy i ein særs spennande fotballkamp!

Fredag 30.mai var det duka for kamp mellom Fogn og Buøy. Og for ein kamp det skulle bli. Heile fem mål vart scora, nokre av måla var riktig så flotte. Tidleg i kampen vart det dømt frispark til Fogn. Frisparket vart tatt av spelande trenar Jakob Bø, skuddet gjekk kontrollert over muren og under tverrleggaren, og Fogn leia 1-0 før det var gått 10 minutt. Resten av omgangen var jamnspelt og heimelaget gjekk til pause med eittmålsleiing. Dei omlag 40 frammøtte kunne kose seg med brus, sjokolade og anna snack i kiosken.


2.omgang skulle bli høgdramatisk. Buøy snudde nemleg kampen til 1-2.

Men med drøye 8 minutt igjen å spele, scora toppscoraren til Fogn, Sondre Sandanger Sørheim. Alle frammøtte jubla høgt for utlikninga til 2-2. Dette gav ekstra energi til heimelaget som sette inn ein skikkeleg sluttspurt. Og belønninga kom, på overtida sette Johannes Madsen Hovda inn vinnarmålet, Fogn vant kampen 3-2. Ein virkeleg deilig seier!

Under kan du sjå bilete:


Jamn kamp mellom Fogn og Madla 3

24.mai hadde Fogn A-lag sin andre heimekamp for sesongen. Fogn tok imot Madla 3, denne fine vårdagen i mai. 1. omgang var mållaus. Madla gjekk tidleg i 2. omgang opp i leiinga 0-1. Seinare i omgangen dobla Madla til 0-2. Sondre Sandanger Sørheim spelte Fogn tilbake i kampen med ei redusering til 1-2.

Seinare auka Madla til 1-3. Sondre Sandanger Sørheim lagde spenning like før slutt ved å setje ballen i nettet, 2-3.

2-3 vart sluttresultatet, denne kvelden. Ein kamp Fogn styrte i periodar.

Under kan du sjå bilete, knipsa av bla. Finnøy-buen, Adrian Nilsen Heggelund

Strålande 17.mai feiring

Sola skein og mange blide born og vaksne møtte opp i toget som starta på skulen. Det blei eit fantastisk fint tog, med flag, 17.mai-komite, korps, faner, born, vaksne, bilar og traktorar. I kyrkja hadde 7.klasse barnas tale, alle elevane sang “Det går et festtog gjennom landet”, Norene Sørdal sa nokre fine ord om tollaren Sakeus. Deretter returnerte toget til skulen, der det var duka for matøkt, kiosksal, aktivitetar og konkurransar.

17.mai i 2019 var den aller siste nasjonaldagen vi feira med Finnøy som kommunenamn. Ordførar Henrik Halleland fekk æren av å vere den som heldt heldt tale på folkefesten, om kvelden. Henrik heldt ein god tale med mange historiske fakta og avslutta talen med å sitere ei brev-veksling Arne Garborg hadde hatt med ein god ven. 17.mai komiteen hadde også underholdning, sang, musikk, forslag til vegnamn, bomring og mykje anna som ein kunne le av. Det heile vart avslutta med eit heidundrande fyrverkerishow som Trond Egil Sivertsen styrte.

Under kan du sjå bilete frå toget:


Slik blir 17.mai feiringa!

Slik blir 17.mai på Fogn:

Kl 0800  Kransenedlegging ved bautaen på Eide.

Kl 0915 Oppstilling i tog ved oppvekstsenteret. Flaggheising. Messing spelar opp.

Kl 1015 Samling i kyrkja. Ord for dagen v/ Norene Sørdal. Barnas tale.  Sangopptrinn og allsang.

Kl 1130  Matøkt på skulen. Kiosksalg med bl.a. pølser, brus, is og kaffi.  

Kl 1230 Aktivitetar for barn i bingen. Godteposeløp for dei under skulealder. 1.-10. klasse: Gratis aktiviteter i bingen. Felles premiering.

Kl 1300 Aktiviteter for barn og vaksne. Kjøp aktivitetskort for kr 100,- og velg 6 aktiviteter. Elles har me lykkehjul, loddsalg og tippekonkurranse.

Kl 1445 Avslutning med premieutdeling.

Me har VIPPS, kortautomat og kontant betaling!


Kl 1500 Helikoptertur ved Andre Graadahl frå Fonnafly. Kr 500,- pr. person Billett til dette kjøpes på førehand ved loddsalget.

Kl 1930 Folkefest for dei frå 8. klasse og oppover.

             Festtale ved ordførar i Finnøy: Henrik Halleland.

             Matservering. Lokal underhaldning.

             Dørene opnar kl 1845

Inngong:  Kr 250,- pr person, max kr 750,- pr. fam (born t.o.m.19 år)

Kl 2300 Fyrverkeri


                                                

                                         Vel møtt til ein festdag!