Grendalagsstyret er "oppe og går"!

IMG_8854.JPG

Onsdag 8. mai hadde styret i Fogn grendalag sitt første styremøte etter årsmøtet tidlegare i vår. På årsmøtet vart det klart at Ole Klingsheim fortsette som leiar, og styret valde Håvard Østhus til å vere sekretær. Styret jobber også med å finne ein kasserar, men kven som får denne rolla er enno ikkje heilt avklart.

Elles vart styret samde om at ein framleis vil arbeide innafor dei områda som vart definerte i fjor, nemleg samferdsel, bulyst, kulturlandskap, turstiar og turisme. Alt i morgon er det eit møte mellom styret i grendalaget og politikarane frå Fogn, der særleg samferdsel står på agendaen.

Det kjem meir informasjon frå arbeidet i grendalaget, og korleis folk kan fylgje med på kva som skjer på styremøtene i nær framtid.

Ryddeaksjonen 2019

Det er tid for årets ryddeaksjon. Frå 29.april til 3.mai har kommunen ståande ein søppelcontainer ytterst ved ferjekaien. Søppelposar frå Øyposten kan hentast på Joker Fogn.

Me oppfordrer folk til å hente søppel langs veg, turområde og strender der dei bur. Ta det med til kaien og hiv det i søppelcontaineren.


Bremnes Seashore kan hente sekker langs sjøen ved behov. Dei vil og sponsa med 100 kr for kvar

søppelsekk som blir samla inn. Merk søppelposen med namnet på det laget/organisasjonen du vil skal få pengene. Evt skule/barnehage.

Fogn grendalag oppfordrer alle til å bli med på årets søppeldugnad!

Me arrangerer felles tur til Skinnvika onsdag 1. mai kl 16 kor me henter søppel langs turstien og på stranda.

Foto: Håvard Østhus

Foto: Håvard Østhus





Knusande seier til Fogn i sessongåpninga

26.april var det duka for sesongåpning for Fogn A-lag. Både Fogn og Tjensvoll 2 hadde mål om 3 poeng i den fyrste kampen. I surt vestlandsver kom laga ut på den strøkne grasmatta på Fogn Stadion. Fogns utvalgte varma opp i eit knapt kvarter, før kampen vart sparka i gong. Fogn pressa jamt frå start, og etter 31 minutt fekk Håvard Østhus kriga ballen i mål.

Like før pause scora Pål Rune Grønås på eit frispark frå omlag 30 meters hald. Ballen traff like under krysset, eit drømmetreff av trønderen.

Fogn var med godt mot i pausen, og dei frammøtte hadde verkeleg trua på dei blå. Andre omgang fortsatte som fyrste, Sondre Sandanger Sørheim og Jakob Bø, scora kvar sitt mål med 5 minutt mellomrom. Ein perfekt start på sesongen

Neste heimekamp er 24.mai mot Madla 3.

Under kan du sjå bilete frå kampen:


Møt opp på sesongstarten!

Fredag er det seriestart, og nye muligheter til å skapa minnerike opplevelsar med Fogn a-lag. Det blir nok vanskeleg å gjenskapa dramatikken frå Finnøykampen i fjor, men det blir nok mykje kjekt på Fogn stadion i år og. Sidan laget ikkje har hatt treningskampar blir det spanande å sjå kor gode dei er i forhold til dei andre laga. På fredag er det heimekamp mot Tjensvoll 2 Kampen starter 19.00.

Vel møtt!

Fogn+IL.jpg


Søndagstur til Helgøy i Årdalsfjorden

Følgande pressemelding frå Øyvind Sandanger:

Viss du/dåkk har lyst å bli med på Søndagstur til Helgøy I Årdalsfjorden så er det mulighet nå på Søndag 28/4.
Nå er det midt i blomstringa i dei nye store frukthagane der så det er ett flott syn. Ellers er det tursti, og fine veier og gå tur på. 
Dei lokale kjem til og guide og fortella alt som er verdt å veta. 
Satse på avgang frå Sørvåg (Fogn) med ein av Helgøy Skyssbåt sine båtar klokka 14.00 slik at alle kan eta middag før avreise og ta med seg kaffi/kaffimat på turen
Pris for båtskyss tur/retur:
Familie: 350
Vaksen:150
Barn:50

Meld deg på til meg (Øyvind) innan Lørdag 27/4 klokka 16.00
Tlf: 92090918
Ring eller send mld.

Håpar mange vil bli med.

(Folk frå andre plasser enn Fogn er og hjertelig velkomne til å bli med, men avreise stad er Sørvåg for alle)

Bilde er tatt igår av Anne Norunn Helgøy

57591508_1205692856280013_6640658212922064896_n.jpg

Ny salsrekord på påskebasaren

Påskeafta vart den tradisjonsrike påskebasaren arrangert. Det var strålande sol, og mange hadde møtt opp for å få med seg trekninga. Idrettslaget serverte kaker, lappar, tomater og kaffi. Like før trekninga, kunne leiiar i idrettslaget, Jakob Bø melda om ny salsrekord, det var nemleg solgt lodd for 89 700 kr. Det var mange flotte gevinstar, gitt av bedrifter og privatpersonar i nærområdet. Det var lett å sjå at folk koste seg på basaren.

Under kan du sjå bilder: