Kva skal staden heite?
/Prosessen rundt nye vegnamn i Finnøy kommune er ikkje eingong ferdig, før ei ny høyring om namn kjem på trappene. No handlar det om stadar som skrives på ulik måte. Heiter det t.d Sørvåg eller Søravåg? Det skal ein no prøve å finne ut, ein gong for alle.
Klikk HER for å lese brevet frå Finnøy kommune, HER for å lese brev frå Kartverket, og HER for den aktuelle namnelista.
Høyringsfristen er sett til 5. april, og ein kan sende inn eigne høyringssvar, eller gå via grendalaget ved å sende mail til fogngrendalag@gmail.com.