Ny høyring på enkelte vegnamn

Spørsmål veg.jpg

Etter folkemøtet om vegnamn på Fogn tidlegare i vår, sendte Fogn grendalag inn eit høyringssvar. Dette, og andre høyringssvar, har bidratt til at formannskapet i Finnøy Kommune, har kome med eit nytt forslag til nye vegnamn , mellom anna på Fogn. Dei namna som ikkje var omdiskuterte, er no blitt vedtekne, det er altså berre vegar der det har vore endringar som no er ute på høyring.

Grendalaget har sendt inn sine synspunkter etter førre folkemøte, og kjem ikkje til å sende inn høyringssvar i denne andre runden. Vi vil likevel oppfordre folk til å sende inn eigne svar, dersom det er ting de reagerer på i forslaget. Både sjølve forslaget, og informasjon om korleis ein sender inn høyringssvar, finn de ved å klikka HER.

Klart for Ørnakulå opp!

Idrettslaget skal i april, arrangere motbakkeløp på Fogn:

Ørnakulå opp – Lågterskel motbakkeløp på Fogn

Endelig motbakkeløp på Fogn! No har du moglegheit til å setje verdsrekord! Velkommen til motbakkeløp på Fogn 14. april 2019 kl 17.00.

Løypeskildring:

Start Sæbøvåg. Følg vegen opp bakken, og ta første til venstre i Sæbøkrossen, mot Runastad.

Ein tek så av hovudvegen etter ca 370 meter, og følger ein godt merka tursti opp til toppen av Fogn, Ørnakulå. Løpet har ein stigning på kring 160 meter, og total distanse er på rett i overkant av 2 km.

Etter planen vert det fellesstart, alle klassar spring samstundes. Det vert kvinne- herre, ungdoms- ( 14 – 17 år ) og veteranklasse ( over 60 ). Premiering til den beste i kvar klasse.

Nb, ved stor pågang, kan det bli eigen start per klasse/ intervallstart, pga smal løypetrasé.

Det er sjølvsagt lov å berre gå turen også, men frå klokka 17.00 og ei stund utover ber me turgåarar halde seg ut av stien av omsyn til konkurransen. Heiing er veldig lov!

PÅMELDING FRÅ KL 16.30 OG FRAM TIL START PÅ LØPSDAGEN. GRATIS.

FOR MEIR INFO, RING SONDRE PÅ 98 05 36 17.

Skjermbilde 2019-03-05 kl. 18.39.09.png
Skjermbilde 2019-03-05 kl. 18.39.40.png
Skjermbilde 2019-03-05 kl. 18.39.47.png

Konsert med Finnøy Fun Children

Finnøy Fun Children er sangglade barn/unge frå 4.klasse og oppover. På denne konserten har dei og med seg songarar frå TøfFOGNådig, i  same aldersgruppe. Dei har fredagssamlingar på Reilstad bedehus. I 2018 gav dei ut cd. Lørdag 16. februar klokka 1830, skal dei ha konsert i kyrkja. Me gleder oss over det gode samarbeidet og ser fram til konserten.

Skjermbilde 2019-02-13 kl. 18.33.51.png