Salgsmesse på Erås museum

Lørdag 24.november er det salgsmesse på Erås museum. Messa begynner klokka 1200. Utsillerane byr fram ymse varer for salg. Blant anna stiller Sven Tysdal ut sine malerier. Ca klokka 1300 kjem Aslak Bråtveit, han sel og signerer den nye boka si. Erna Wensink frå ullåven viser karding og spinning. Ein får prøva seg på dette om ein vil.

Det blir sal av kranser. Du kan kjøpa deg lapskaus, kaffi kaker osv.

Err: Erås museum

Alle velkommne!!!

Kantine på Fogn

Neste veke (veke 47) har 9. klasse kantine på Fogn Oppvekstsenter. Du kan bestille pizzaboller og julekaker. For elevar på Fogn Skule kan dei bestille dette:

Måndag
- Muffins med sjokolade 15 kr

Tysdag
- Pannekaker 15 kr (+5kr for tilbehør)
- Kakao 10 kr

Onsdag
- Rundstykker med ost/skinke/smør 20 kr
- Gele 10 kr

Torsdag
- Taco Wraps 30 kr

Fredag
- Pizzaboller 20 kr

Bestilling skjer ved å ringa eller å senda sms til 93 64 31 10.

For prisar, sjå plakaten under:

Screenshot_2018-11-18-20-13-18.png


Konsert med Tore Thomassen og lokalt barnekor.

Tore Thomassen er ein musiker som i mange  år har reist rundt og sunge og spelt for små og store. Ofte i kyrkjer i samarbeid med lokale barnekor, og mange år med skulekonsertar for Rikskonsertane. Han har og vore fast inventar med musikk og forteljingar på Korsveifestivalen. Han har gitt ut fleire plater for barn og vaksne. Han skriv og barnebøker og har  to sangar i Norsk salmebok.

Han vil halde konsert i Fogn kyrkje lørdag 10.nov. Barnekoret vårt TøfFOGNådig har øvd på sangane hans og vil vere med på konserten. Det er og barn frå Talgje og evt andre stader i kommunen med. Tema for denne konserten er Åpent hus – gode bibelhistorier.

Det blir øving i lag med Tore Thomassen frå kl 1630

Konserten starter kl 1830

Me håper du  kjem, velkommen

 

På vegne av arrangør: Heidi Bø Sangedal

Design: Bernt Sunde

poster-ultimat-korrekt.png



Fin basar i kyrkja!

Laurdag 27.oktober var det basar i Fogn kyrkje. Basaren byrja oppe, med fine musikkinnslag av Messing og TøfFOGNådig. Heidi Bø Sangedal delte ord og tankar, Øyvind leia basaren.

På basaren i kjellaren var det flott servering av skive og kaka. Mange lokale personar og bedrifter hadde gjeve gevinstar. Det vart samla inn 39000kr som skal gå til oppgradering av uteområdet rundt kyrkja.

Under kan du sjå bilete frå kvelden:

Flott solidaritetsaksjon

Onsdag 24.november arrangerte Fogn Oppvekstsenter solidaritetsaksjon på skulen. Pengane som vart samla inn, gjekk til born i Zambia, slik at desse kan få gå på skule. Elevane samla totalt inn 21433 kroner, på matsal, kakesal, spøkelsehus, playstation, loddsal, hud og hår, tippekonk, andedam, bottleflip, loppemarked og salsbod.

Det var mykje folk som var innom, og støtta den gode saka.

Under kan du sjå bilder frå kvelden: