Kantine på Fogn

Neste veke (veke 47) har 9. klasse kantine på Fogn Oppvekstsenter. Du kan bestille pizzaboller og julekaker. For elevar på Fogn Skule kan dei bestille dette:

Måndag
- Muffins med sjokolade 15 kr

Tysdag
- Pannekaker 15 kr (+5kr for tilbehør)
- Kakao 10 kr

Onsdag
- Rundstykker med ost/skinke/smør 20 kr
- Gele 10 kr

Torsdag
- Taco Wraps 30 kr

Fredag
- Pizzaboller 20 kr

Bestilling skjer ved å ringa eller å senda sms til 93 64 31 10.

For prisar, sjå plakaten under:

Screenshot_2018-11-18-20-13-18.png


Konsert med Tore Thomassen og lokalt barnekor.

Tore Thomassen er ein musiker som i mange  år har reist rundt og sunge og spelt for små og store. Ofte i kyrkjer i samarbeid med lokale barnekor, og mange år med skulekonsertar for Rikskonsertane. Han har og vore fast inventar med musikk og forteljingar på Korsveifestivalen. Han har gitt ut fleire plater for barn og vaksne. Han skriv og barnebøker og har  to sangar i Norsk salmebok.

Han vil halde konsert i Fogn kyrkje lørdag 10.nov. Barnekoret vårt TøfFOGNådig har øvd på sangane hans og vil vere med på konserten. Det er og barn frå Talgje og evt andre stader i kommunen med. Tema for denne konserten er Åpent hus – gode bibelhistorier.

Det blir øving i lag med Tore Thomassen frå kl 1630

Konserten starter kl 1830

Me håper du  kjem, velkommen

 

På vegne av arrangør: Heidi Bø Sangedal

Design: Bernt Sunde

poster-ultimat-korrekt.png



Fin basar i kyrkja!

Laurdag 27.oktober var det basar i Fogn kyrkje. Basaren byrja oppe, med fine musikkinnslag av Messing og TøfFOGNådig. Heidi Bø Sangedal delte ord og tankar, Øyvind leia basaren.

På basaren i kjellaren var det flott servering av skive og kaka. Mange lokale personar og bedrifter hadde gjeve gevinstar. Det vart samla inn 39000kr som skal gå til oppgradering av uteområdet rundt kyrkja.

Under kan du sjå bilete frå kvelden:

Flott solidaritetsaksjon

Onsdag 24.november arrangerte Fogn Oppvekstsenter solidaritetsaksjon på skulen. Pengane som vart samla inn, gjekk til born i Zambia, slik at desse kan få gå på skule. Elevane samla totalt inn 21433 kroner, på matsal, kakesal, spøkelsehus, playstation, loddsal, hud og hår, tippekonk, andedam, bottleflip, loppemarked og salsbod.

Det var mykje folk som var innom, og støtta den gode saka.

Under kan du sjå bilder frå kvelden:



Basar i kyrkja på laurdag!

Hei
Uteområdet ved kyrkja her på Fogn er blitt flott, men det manglar ein del ting før alt er ferdigt. Det er belegningsstein, mur, utelys og litt småknask. For og finansiera dette så har ansvarskomiteen bestemt at det skal arrangeras ein basar 
Men det er like viktigt at denne kvelden skal vere ein kjekk og sosial kveld for folk i alle alderar
Dette skjer Lørdag den 27/10 kl 18.30 i Fogn Kyrkje.

Programmet for kvelden begynner å bli klart. 
Barnakoret TøfFOGNådig skal synga.  Heidi Bø Sangedal ska sei nokon velvalgte ord te oss. Ellers blir det premiere på eit nytt samarbeid der Messing og trekkspill gjengen skal spela ilag. Så litt diverse overraskelsar vil komma

Basardelen blir i kyrkjekjellaren. Her stiller ein flott gjeng med damer og lagar mat og kaffi til alle! I sjølve basardelen blir det ei bok bare for barn og ei for alle. Mange flotte gevinstar er allerede på plass. (men me er jo veldigt glade for fleire...) Me er veldigt takknemlige for alle som gir gevinstar.

Håpar at absolutt alle på Fogn frå hus og hytter som kan kjeme denne kvelden, både unge og eldre.

Viss folk frå naboøyar, eller andre plasser vil komma er dei hjertelig velkomne (det passar godt med ferje) For skyss eller andre spørsmål ta kontakt med 
Heidi ‭:470 10 909‬
Øyvind: 92090918

Håpar at akkurat DU kjeme!

(Det blir og ett lite gjensyn med «ristaren» (sjå bilde under) 

Tekst: Øyvind Sandanger

44323424_1086951411487492_4694513938744737792_n.jpg