Odd Dubland på bedehuset i helga

Dubbi.jpg

Helga 19.-21. oktober kjem Odd Dubland til Fogn bedehus for å ha misjonshelg. Dubland er kjent for mange, både som malar, talar og songar.

På fredag og laurdag byrjar møta klokka 19.30, medan møtet på søndag er klokka 11.00. Det vert noko å bita i etter alle møta. Det vert også høve til å gi ei gåve til NLM sitt arbeid kvar dag.

Velkommen til Fogn bedehus!

Arr: Fogn Misjonsforsamling

Filippinsk mat i løa på Sæbø

Gloria Tveitane er oppvaksen på Filippinene. No bur ho på Finnøy, men mattradisjonane frå heimlandet likar ho å halde på. Etter uveret som herja heimlandet for ei tid tilbake, ynskte ho å hjelpe dei som vart ramma av orkanen. Ho laga til middag og dessert på filippinsk vis, i løa til Unni og Jon Olav Østhus. Pengane som kom inn, gjekk til trengjande på Filippinene. Gloria sender mat, frå Norge til dei som treng hjelp på Filippinene. Det var mange frammøtte og alle var einige om at dette var eit kjempetiltak!

Maten smakte aldeles nydelig.

Under kan du sjå bilete:


Fogn med tap i sesongens siste kamp.

Det hadde regna mykje i forkant av kampen Fogn spelte mot Hinna 2, laurdag 13.oktober. Banen var våt og sleip, og det førte til mykje fall og lange sklitaklingar. Trass dårleg vér, var det mange som hadde tatt turen for å sjå på. Fogn Idrettslag serverte nemleg gratis kake.

Tidleg i fyrste omgang sette Hinna 2 ballen i nettet. Like etter utlikna Jørgen Bø. Rett før omgangen var omme scora Hinna 2 på frispark, pauseresultatet vart 1-2.

I 2. omgang letta véret, og kampen tok skikkeleg fyr. I denne omgangen vart det laga heile 7 mål. Heimelaget scora to av desse. Dei to målscorarane for Fogn var Ivar Opsal og Sondre Trå Sørheim.

Under kan du sjå bilete frå kampen: