Filippinsk mat i løa på Sæbø
/Gloria Tveitane er oppvaksen på Filippinene. No bur ho på Finnøy, men mattradisjonane frå heimlandet likar ho å halde på. Etter uveret som herja heimlandet for ei tid tilbake, ynskte ho å hjelpe dei som vart ramma av orkanen. Ho laga til middag og dessert på filippinsk vis, i løa til Unni og Jon Olav Østhus. Pengane som kom inn, gjekk til trengjande på Filippinene. Gloria sender mat, frå Norge til dei som treng hjelp på Filippinene. Det var mange frammøtte og alle var einige om at dette var eit kjempetiltak!
Maten smakte aldeles nydelig.
Under kan du sjå bilete:
Fogn med tap i sesongens siste kamp.
/Det hadde regna mykje i forkant av kampen Fogn spelte mot Hinna 2, laurdag 13.oktober. Banen var våt og sleip, og det førte til mykje fall og lange sklitaklingar. Trass dårleg vér, var det mange som hadde tatt turen for å sjå på. Fogn Idrettslag serverte nemleg gratis kake.
Tidleg i fyrste omgang sette Hinna 2 ballen i nettet. Like etter utlikna Jørgen Bø. Rett før omgangen var omme scora Hinna 2 på frispark, pauseresultatet vart 1-2.
I 2. omgang letta véret, og kampen tok skikkeleg fyr. I denne omgangen vart det laga heile 7 mål. Heimelaget scora to av desse. Dei to målscorarane for Fogn var Ivar Opsal og Sondre Trå Sørheim.
Under kan du sjå bilete frå kampen:
Søndagsskulen og -ringen på bedehuset i morgon!
/Søndagsskulen og -ringen skal vere på Bedehuset fra og med i morgon (14. oktober), og utover hausten!
Asfalt i tunet?
/Nå blir det ein nye runde med asfaltering på Fogn. Viss nokon har ein vei eller eit tun som dei har lyst å asfaltere så ta kontakt med Øyvind Sandanger (telefon 920 90 918). NCC vil komma på befaring og gi pris.
Fillipinsk mat i løa på Sæbø!
/Gloria Tveitane lager fillipinsk mat i løa hos Jon Olav og Unni Østhus. Det blir salg av varm mat og dessert, kr 150. Salget blir mellom 17.00 og 20.00. Pengene går til trengende på Fillipinene. Velkommen lørdag 13. oktober!
Photo by ALLEKO/iStock / Getty Images