Flott Fognaløp og -meisterskap

DSC_0003.JPG

I fint septemberver var det mange born og vaksne til start i Fognaløpet. Det var eit stort felt som stilte til start, då både 5 og 10 km sprang ut på likt. Fyrst i mål var finnøybuen Adrian Nilsen Heggelund, han vann 5km på 22.18. I kvinneklassen vann 6. Klassingen Thea Hovda Rørheim på 26.28. Ho vann løpet for tredje gong på rad. 

I herreklassen vann kroppsøvingslæraren Tor Magne Moen på 39,22. Kristian Sandanger Iversen vart nummer to, 29 sekund bak. I dameklassen vann Solfrid Torgersen på 59.20. Like etter kom Anna Sandanger Iversen på 60.40

Etterpå var det duka for Fognameisterskap. Mange born hadde møtt opp for å springa 60m, hoppa lengde og kaste liten ball. Det var mykje idrettsglede blant ungane. Alle fekk kvar sin medalje for å fullføre.

Under kan du sjå resultatliste:

10 km menn:

  1. Tor Magne Moen – 39.22
  2. Kristian Sandanger Iversen – 39.51
  3. Jakob Bø – 43.06

10km kvinner:

  1. Solfrid Torgersen - 59,20
  2. Anna Sandanger Iversen - 60,40

5km menn:

  1. Adrian Nilsen Heggelund - 22,18
  2. Josef Bø - 24,23
  3. Bjørn Moen - 25,59

5km kvinner

  1. Thea Hovda Rørheim - 26,28
  2. Leah Sandanger - 28,10
  3. Isabelle Kvamsøe og Gunhild Grønås 31,23

 

 

Under kan du sjå bilder frå øvelsane:

(Foto: Isabell Kvamsøe, Mallin, Kristian og Helge Iversen 

Fognameisterskap og Fognaløp til helga!

Søndag 2. september går årets Fognaløp og -meisterskap av stabelen. Kl 13.00 går startskotet for 5 og 10 km løypa, og idrettslaget oppfordrer alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 16 år er 100,- det vert premiering til vinnarar i dame- og herreklasse på begge distansar. I målområdet vert det som vanleg god stemning, frukt og grønt! Det tradisjonsrike Fognameistermeisterskapet for born i alle aldrar starter kl.14.30, og her er det premiering til alle. Velkommen til store og små!

Gjekk på smell i åttendelsfinale

Haustsesongen vart sparka i gang att med cup-oppgjer. Det var duka for 2. runde i Rogalandscupen. Madla 3 ligg i same divisjon som Fogn, det var difor ingen straffar før kampstart.

Fognaspelarane har hatt mange veker utan kamptrening og det gjekk ikkje mange minuttar frå dommaren bles kampen i gong, før dei låg under. Ingen god start på kampen, men det verka som dette tente heimelaget. For det gjekk ikkje lang tid før det stod 1-1. Malvin Christiano Skartveit serverte ein flott pasning til Sergejs Kononovs, han lada skuddfoten og ballen fauk inn i nettmanskane. 

Håpet om kvartfinale levde ei lita stund, men bortelaget laga to raske mål. Dermed stod det 1-3 i målprotokollen. 

Men eit lite håp vart tent like før slutt. Då fyrte Johannes Hovda av eit hardt skot, som keeper klarerte, men Martin Østhus var raskt frampå og kriga ballen i mål. 2-3. Då var planen klar for siste del av kampen for heimelaget, alle mann i angrep og å settje inn eit utlikningsmål. Det gjekk ikkje og bortelaget scora to mål til, før dommaren bles av kampen.

Kampen endte 2-5.

Under kan du sjå bilete:

Foto Kristian Iversen

Går Fogn til kvartfinalen?

Fogn IL.jpg

Etter at Fogn slo ut rival Finnøy i ein nerverpirrande kamp i førre runde av OBOS-cupen, skal laget no ut i åttendedelsfinale mot Madla 3. Kampen går på Fogn Stadion, fredag 24. august, klokka 19.00, og det er venta å verte eit tett og jamnt oppgjer mellom dei to 7. divisjonslaga. 

For Fogn, som har slitt litt i serien i år, kan denne cupen verta ei skikkeleg gulerot denne sesongen, og no er altså kvartfinalen berre ein kamp unna!

Møt opp og hei fram dei mørkeblå frå Fogn!