20 syklistar var klar for landeveisrittet, to rundar rundt Fogn. Starten var særs roleg. Ingen var særleg dravillig. Etter ein runde passerte hovudfeltet på i underkant av 20 minutter. Ørjan rykka like før toppen av kyrkjebakken, han fekk med seg Jakob. Dei hadde i følgje dei sjølv, eit godt samarbeid. Det endte med spurtoppgjer, dette vann Ørjan Klev Ladstein.
I samendraget er det 28 sekund som skiljer Ørjan og Jakob.
Like bak kom Ivar Opsal, Paul Østebø og Helge Magnar Iversen spurtande om tredjeplassen. Desse tre kjempar også om tredjeplassen samanlagt.
Blant damene tok Tora Sandanger den gule trøya frå Janne Aano Bø. Tora slo Janne med 63 sekund.
Njål Hetlelid syklar og i den gule trøya på søndagen.
Etter premieutdelinga, var det tid for barneritt! Tre ulike aldersklassar sykla tre ulike distansar, og god deltaking.
Du kan sjå bilete ved å klikke her
Fredag 22.juni - Prolog
17 syklistar stod klar på startstreken i den 9. utgåva av Tour de Fogn. Ein kald nordavind møtte syklistane på veg tilbake mot mål, god medvind ut til vending. Forholda var difor ikkje heilt optimale for raske tider.
Den beste tida fekk Arne Torgersen, på 5.33. Riktig nok med EL-sykkel.
Morten Sangedal vart beste Fognbu med tida 6.34. Dei to beste vart Finnøybuar. På andreplass, Per Steinsland med tida 6.24. Ørjan Klev Ladstein vann etappen med same tida han vann på i fjor, 6.15.
I dameklassen var det to deltakarar på startstreken. Janne Aano Bø og Tora Sandanger. Det vart meget jamnt. Det skilde berre seks sekund. Denne gongen var det Janne som var sterkast.
I klassen for dei over 60 år, vann Njål Hetlelid foran Egil Sæverud.
Resultatlista kan du sjå ved å klikke her.
Under kan du sjå litt bilder: