Gjer Fotball VM enno meir spanande!

Russland 2018.jpg

Fotball VM er stor stas for dei aller fleste som liker fotball, men kampar som Panama - Tunisia og Australia - Peru er kanskje ikkje så ekstremt spanande, i utgangspunktet. Dette kan ein likevel gjere noko med, ved å vere med på ein tippekonkurranse, som gjer alle kampane interessante, og du som les dette er herved invitert med i ein slik konkurranse!

VG har nemlig laga eit konsept som dei kallar "VM-profeten", der ein skal tippa utfallet av alle kampane i VM. Ein kan endra tipset sitt heilt opp til kampstart, og det finnest ein eigen "profetknapp", som gjer at du får eit komplett tippeforslag, berre ved å trykka på ein knapp. Så kan du heller endra etterkvart. På denne måten er det ikkje VELDIG MYKJE arbeid i forkant, noko som gjerne hindrar mange i å delta i slike konkurransar.

Klikk HER for å bli med i ligaen "Fogn" på VG sin "VM-profet"!

NB! Eit lite ekstratips, for å ha god oversikt over kampane, kan vere å få alle kampar direkte inn i kalenderen på mobilen. Klikk HER for å fikse dette til din mobil.

Bli med på Tour de Fogn 2018!

Tour de Fogn - logo.jpg

Helga 22.-24. juni går sykkelrittet Tour de Fogn av stabelen for 8. gong!

Tour de Fogn er rittet for alle, anten du aldri har vore med i eit sykkelritt før, eller om du er ein erfaren syklist med konkurranseerfaring! Her er det eigen dame- og herreklasse, i tillegg til seniorklasse for dei over 60 år. Dersom nokon ynskjer å sykle med el-sykkel, er det også lov, sjølv om dei då berre konkurrerer om heider og ære:) Det er også lov å vere med og sykle, sjølv om ein ikkje kan vere med alle dagane!

Det er ikkje lov med racersykkel eller annan sykkel med bukkestyre. Hjelm er også påbudt. Det kostar 100 kr i startavgift, og ein syklar på eigen risiko.

Her er ein inspirasjonsvideo som Kristian Sandanger Iversen laga i forkant av Tour de Fogn 2017:

Rittet går over tre dagar, og fordeler seg slik:

Fredag 22. juni kl. 18.30: Prolog
Start og mål ved pakkeriet.
Alle syklar dei ca. 4 kilometerane åleine, og startar med eit minutts mellomrom.

Laurdag 23. juni kl. 14.30: Landeveisritt
Start og mål ved Fogn oppvekstsenter.
Fellesstart der ein syklar to rundar rundt Fogn.

Etter at alle er i mål, vert det eit eige barneritt for alle som vil vere med på dette!

Søndag 24. juni kl. 12.30: Klatreetappe
Start ved oppvekstsenteret, mål ved kyrkja
Fellestart der ein syklar frå oppvekstsenteret og nordover langs vegen rundt Fogn. Ved Runastad svinger syklistane til venstre og syklar over høgaste, før dei trillar ned til kyrkja, og avsluttar med ein siste runde rundt Fogn.

Påmelding skjer i skjemaet under:

Fogn slo Finnøy ut av cupen.

Det var duka for lokaloppgjer på Fogn Stadion. Fogn IL tok i mot Finnøy IL, til 1. runde i Obos-cupen. Sidan Fogn er ein divisjon lågare enn Finnøy, fekk heimelaget ein straffe før kampstart. Denne scora Jakob Bø på.

Det var høg temperatur både på banen og i veret. Det endte i mange duellar. Heimelaget pressa på frå start, men etterkvart tok Finnøy meir og meir grep om kampen. Etter knapt 40 minutt spel, scora Ruben Eggebø for Finnøy. Eit fint skot frå omlag 30 meter. Dermed var stillinga 1-1. Dette vart også pauseresultatet.

I 2. omgang fortsette krigen om kva øy som var best med ball. Temperaturen steig blant spelarane. Laga kjempa hardt i kvar duell. Men ingen fekk ballen i mål. Etter 90min stod det framleis 1-1.

Sidan dette var cup-kamp, måtte det spelast ekstraomganger på 2x5min. Den fyrste ekstra omgangen vart mållaus. Men tre minutt ut i den 2. ekstra omgangen gjekk Finnøy opp i leiing. Jarle Sigbjørn Eike var målscorar. Dei fleste trudde med dette at Finnøy kom til å gå seirande ut av 1. rundekampen.

Når tida eigentleg var ute, fekk heimelaget eit frispark på midtbanen. Alle mann var i angrep for Fogn, inkludert keeper Trond Egil Sivertsen. Med marginene på rett side, scora Ørjan Bø Måkestad 2-2 målet. Jubelen var stor, heimepublikummet var i ekstase. No stod altså straffekonkurransen for tur. Fogn bomma på fyrste straffe, resten fulgte opp med scoringar. Trond Egil måtte redde Finnøys siste straffe, ellers var dei ute av cupen. Det gjorde han. Då måtte kvart lag ta ein og ein straffe, heilt til nokon bomma. Fogn scora på sin, medan Trond Egil redda Finnøy sitt. Fogn hadde dermed slått Finnøy ut av cupen.

Under kan du sjå bilete: