Guttelagsbasar ved oppvekstsenteret!

Fogn OS.jpg

På fredag 1. juni kl. 18.00 skal Fogn guttelag ha sin tradisjonsrike friluftsbasar. Som vanleg vert det sal av både pølser, lappar, brus og kaffi, det vert utlodning og det vert andakt, denne gongen av Steinar Harestad. Det som ikkje vert "som før", er at basaren vert gjennomført utanfor Fogn oppvekstsenter. Bakgrunnen for dette er at diverse gravearbeider har gjort plenen utanfor bedehuset nokså ueigna til basar akkurat no. 

Guttelaget stiller med bord og benker, så det er berre å møta opp fredag 1. juni klokka 18.00!

Velkommen!

Fyrste siger i boks

DSC_0477.JPG

Det var strålande sol, og blå himmel. Ambisjonane var store før denne kampen, og mange Fognbuar håpa på sesongens fyrste heimesiger. Då måtte Sørmarka slås. Den fyrste omgangen var svært jamn, men like før slutt gjekk Fogn opp i leiinga. Jørgen Bø lobba ballen fint over keeper. 

I 2. omgong tok Fogn meir og meir grep om kampen. Kjetil Sunde sørga for 2-0 leiing. Fognbuen var i fyr og flamme, på sidelinja. Sørmarka reduserte halvegs ut i 2. omgang. No var det spenning i kampen. Like etter scora Jakob Bø, etter godt angrepsspel, 3-1. Då det var att eit halvt minutt, scora Sørmarka sitt 2. mål.

Kampen enda 3-2. Dermed sesongens fyrste siger.

Neste heimekamp er mot Finnøy IL 03.06. Då håpar me på godt oppmøte!

Under kan du sjå nokre bilete frå kampen:

Flott 17.mai feiring

Dette året fekk me særs fint vêr på nasjonaldagen. Sola skinte og temperaturen var 14-16˚C, med andre ord perfekt bunadsver. 17.mai-komiteen hadde gjort ein strålande jobb med pynting, opplegg og aktivitetar. 

Det heile toppa seg med ein strålande festkveld. Meir om dette seinare.

Ved å klikka på denne linken kan du sjå bilete knipsa av Karianne Nordbø Østhus, Kristian Sandanger Iversen og Stig Rolfsen

 

 

Start 17.mai på Eide!

17. mai Kl 08.00 vert det lagt krans ved minnesmerket til Marta Jørgensdatter Eide.
Alle interesserte er hjartans velkomne til Eide.

Det var Sigurd Vågane som reiste denne bautaen kort tid før han døydde. Han fann steinen på garden sin, tok han fram, la han på tillhengar og køyrde med traktor til Erfjord for å få innskrift på steinen. Då det var gjort laga han grunn og fundament og reiste steinen. Dette gjorde han så solid og sterkt att bautaen vil kunna stå der i all framtid.

I Amerika slo Marta og Lars seg ned i byen Rocheser. Der kalla dei seg Lars Larson og Martha Larson. Dei byggde seg etter få år eit stort hus. Og dei neste 15 åra tok dei mot ein aukande straum av utvandrarar. Dei hjelpte med mat og husrom og rettleing for den vidare ferda vestover i Kleng Person sine fotspor. Marta som husmor hadde hovudansvaret for å stella alle desse som kom. Ho gjorde det med stor omsorg og hjartevarme.