Felles sommaravslutning for jente- og guttelaget

grille_polse.JPG (450x351).jpg

Sjølv om både jente- og guttelaget gav seg til påske i år, har leiarane venta på ein god anledning for å få til ein felles sommaravslutning for begge laga. No ser værmeldingane lovande ut, og det vert difor avslutning med andakt, grilling av pølser og kanskje "noko attåt", måndag 7. mai klokka 18.00-19.00 utanfor oppvekstsenteret (merk både tid og stad). Vi legg også opp til diverse "sommaraktivitetar" i finvèret!

Alle jenter og gutar frå 2. klasse og oppover er velkomne, og de treng ikkje å ha med dykk noko, vi stiller med mat, drikke og "noko attåt"!

Målshow av brødrene Bø Måkestad

27. april hadde Fogn A-lag seriestart. Fogn tok imot Madla, denne fine vårdagen i april. Madla gjekk i leiinga etter eit straffespark. Seinare i omgangen dobla Madla leiinga. Rett før pause reduserte Ørjan Bø Måkestad til pauseresultat 2-1. 

Ut i 2. omgang auka Madla til 3-1. Tor Olav Bø Måkestad lagde spenning like før slutt ved å setje ballen i nettet, 2-3.

2-3 vart sluttresultatet, denne kvelden. Ein kamp Fogn styrte i periodar.

Under kan du sjå bilete:

Sesongstart for A-laget!

ABC Fogn.jpg

Fredag 27. april klokka 18.45 vert fotballsesongen sparka i gong for Fogn IL sitt A-lag i fotball. Dette skjer på Fogn Stadion, og det er Madla 3 som står på motsett banehalvdel. Fogn stiller med ein sterk tropp på heile 18 spelarar, som stort sett har trent jamnt og trutt gjennom vinteren. Grasmatta ser også veldig bra ut, så her ligg alt til rette for ein flott fotballkamp, der det vonleg kjem mange tilskodarar!

Dette er også seriestarten i 7. divisjon avdeling 2, der det i år er 7 lag som skal spela mot kvarandre. I tillegg til Fogn og Madla 3, består avdelingen av Siddis 2, Buøy 2, Sørmarkå, Hinna 2 og Sunde 2.

 

Bli med og rydd 3. mai!

Hele rogaland rydder.jpg

Søppel, då særleg av plast, er ein  "snakkis" for tida, etter at vi har byrja å sjå konsekvensene av kva som skjer når dette hamnar sjøen og naturen elles. Difor passar det godt at Finnøy kommune i år er med på "Hele Rogaland rydder", som går av stabelen torsdag 3. mai. Informasjon om opplegget står på plakaten under, og vi vil særleg nemna at det kjem til å bli  sett opp ein eigen container for søppelet som vert plukka denne dagen, på ferjekaien på Fogn.

Bli med og gjer den flotte øya vår enno finare!

ryddedag 2018-page-001.jpg

Tour of Norway for kids til Fogn 9. juli!

Tour of Norway.jpg

Etter den store suksessen i fjor, vert det også i år gjennomført Tour of Norway for kids på Fogn til sommaren! Alle detaljane er ikkje klare enno, men det folk alt no kan gjere, er å sette av måndag 9. juli, som er dagen då "sirkuset" kjem til Fogn!

Tour of Norway for kids består av korte sykkelritt for barn i alle aldrar, og alle som deltek får både t-skjorte og andre sportsrelaterte artiklar. I tillegg blir det trekt vinnarar av diverse flotte gevinstar, mellom anna ein sykkel! På toppen av det heile er det knallgod stemning i start/målområdet, TV-team frå TV2, sal av diverse og eigen speaker som held "trøkket" oppe  heile tida arrangementet pågår!

Sjå TV 2 sitt innslag frå fjorårets Tour of Norway på Fogn ved å klikke HER (Facebook)