Rapport frå grendalagsårsmøtet
/Tysdag 20. mars var det tid for årsmøte i Fogn grendalag. Ludvig Skretting var invitert for å snakka om framdrifta i gruppa som arbeider for Øyfast, medan ordførar Henrik Halleland hadde eit innlegg om dei nye ferjerutene som skal koma frå 01.01.2020. Ut frå biletet kan det sjå ut som om dei to var godt nøgde med kvelden, og dei var ikkje dei einaste som hadde grunn til det!
Først fekk vi høyre at øyfastgruppa har engasjert tidlegare samferdselssjef i fylket, Odd Arild Kvaløy, i arbeidet for å få realisert dette bru- og tunnelprosjektet, som skal binda så godt som heile Finnøy kommune til fastlandet. Ludvig Skretting hadde ståltru på at Øyfast kunne verta ein realitet, og fortalte at ein slik "ubroten forbindelse" ville utgjere ein større forskjell enn vi kunne forestille oss.
Deretter presenteret ordføraren ulike forslag til ferjeruter frå 2020, og i det store og heile ser det ut til at Fogn vil koma godt ut i dei forslaga som no ligg føre. Nokre innspel var det jo, og desse vil grendalaget ta med seg vidare til arbeidet saman med dei andre grendalaget, om å klara å einast om eit forslag. Nettopp dette, å verta einige internt i kommunen, er særs viktig dersom vi vil "få det som vi vil", understreka ordføraren avslutningsvis.
Så kunne Øyvind Sandanger videreformidla to gode nyheiter. Den første var at Lyse no har fått over 100 signerte kontrakter knytta til fiberprosjektet, og den andre var at det også i år vert Tour of Norway for kids på Fogn, tysdag 10. juli! Når det gjaldt fiberprosjektet hadde han også to tilleggsopplysningar å koma med, nemleg at siste frist for å teikna kontrakt (dersom ein ikkje vil koste ekstra mykje sjølv) er 6. april, og så skulle han videreformidla ein takk frå prosjektleiar Richard Bjerga i Lyse, som var imponert over kor positive grunneigarar vi har på Fogn!
Når det gjaldt sjølve årsmøtet, så gjekk det nokså raskt for seg, og utan den store dramatikken. Både årsmelding og rekneskap vart godkjent, og valet gav dette resultatet:
Ole Klingsheim - Leiar 1 år
Tora Sandanger - 2 år
Christoffer Inge Hovda - 2 år
Håvard Østhus - 2 år
Solfrid Torgersen - 1 år att, ikkje på val
Heidi Bø Sangedal - 1 år att, ikkje på val
Kathrine Flesjå - 1 år att, ikkje på val
Jon Birkenes Østhus - vara 1 år
Kristoffer Østhus - vara 1 år
Det vart altså eit planlagt leiarskifte, og vi vil takke Kristoffer Østhus for den gode jobben han har gjort som leiar, og ynskje Ole Klingsheim lukke til som ny i rolla!
Husk årsmøte i grendalaget
/Det er mars, og årsmøtetid for Fogn grendalag! I år vert møtet gjennomført tysdag 20. mars klokka 18.30 på oppvekstsenteret. Meir informasjon er å finna på plakaten under:
Fasteaksjon tysdag 20.mars
/Fasteaksjonen tydsdag 20.mars kl 15-18. Konfirmantar kjem på dørene og samlar inn pengar til Kirkens nødhjelp.
Heidi Bø Sangedal
Innkorting av 30-sona?
/For eit par år sidan vart fartsgrensa sett ned til 30 km/t forbi Fogn oppvekstsenter. Mange har meint at denne 30-sona var unødvendig lang, og Fogn grendalag tok etterkvart tak i saka. Styremedlem i grendalaget, Arnstein Bøe, kontakta Statens Vegvesen med spørsmål om ikkje 30-sona kunne kortast inn, noko det no ligg føre eit forslag om å gjera. Forslaget, som per no er ute på høyring, kan de sjå under. Den blå stripa er dagens 30-sone, den gule stripa er forslag om ny 30 sone.
Det er Finnøy Kommune og Sør-Vest politidistrikt som er høyringsinstansar i denne saka, og dei har frist på seg til 1. april 2018 med å kome med ei eventuell uttale. Høyringsbrevet kan de lese ved å klikke HER.
Vi vil understreke at det ikkje er gjort noko endeleg vedtak om å korte inn 30-sona, og at sjåførar til ei kvar tid må forhalde seg til gjeldande skilting.
Flott søndagskafè!
/"Helselaget sitt årlege arrangement kor fognbuen kan gå ut og spise heimelaga middag, til ein svært rimeleg pris ~ er ei hyggelig oppleving, bare sjå bileta"
Dette kan Else Jorunn informere om.
Det var noko å ete for både vaksne og born.