Innkorting av 30-sona?

IMG_1927.JPG

For eit par år sidan vart fartsgrensa sett ned til 30 km/t forbi Fogn oppvekstsenter. Mange har meint at denne 30-sona var unødvendig lang, og Fogn grendalag tok etterkvart tak i saka. Styremedlem i grendalaget, Arnstein Bøe, kontakta Statens Vegvesen med spørsmål om ikkje 30-sona kunne kortast inn, noko det no ligg føre eit forslag om å gjera. Forslaget, som per no er ute på høyring, kan de sjå under. Den blå stripa er dagens 30-sone, den gule stripa er forslag om ny 30 sone. 

30-sona kart.JPG

Det er Finnøy Kommune og Sør-Vest politidistrikt som er høyringsinstansar i denne saka, og dei har frist på seg til 1. april 2018 med å kome med ei eventuell uttale. Høyringsbrevet kan de lese ved å klikke HER.

Vi vil understreke at det ikkje er gjort noko endeleg vedtak om å korte inn 30-sona, og at sjåførar til ei kvar tid må forhalde seg til gjeldande skilting.

Vellukka årsfest i Fogn Idrettslag

IMG_20180309_183644.jpg

Den 9. mars var det årsfest med årsmøte i Fogn Idrettslag. Mange hadde møtt opp. Kvelden vart opna med ein biletkavalkade, deretter fortalte Sondre Trå Sørheim frå turen sin, Noreg på langs. Det Sondre fortalde var veldig interresant og inspirerande. Fogn IL spanderte pizza og is. 

På årsmøtet vart det valgt følgjande styre:

  • Leiar: Jakob Bø
  • Nest leiar: Pål Rune Grønås
  • Solfrid Torgersen
  • Ottar Sandanger
  • Helene Bø

Økonomien såg bra ut, kunne Ottar fortelje. Etterpå var det basar.

Oppdatering om fiberen!

INternett.jpg

Mange lurer på korleis det går med fiberutbygginga på Fogn, og kro mange som no har teikna seg til å verta kundar. Grendalaget, ved Arnstein Bøe, har vore i kontakt med Richard Bjerga i Lyse, for å finne ut litt meir.

Richard kunne fortelja at det no er over 70 hus/hytter som har bestilt fiber på Fogn. Salet er ikkje stansa enno, men det kjem til å stansa i veka etter påske, slik at dei som er på hytta i påskeferien, og som kanskje ikkje har fått med seg at dei kan bestilla fiber, får høve til å gjere det. For å bestille fiber, er det berre å sende mail til privatfiber@lyse.no

Elles kunne Bjerga melde om at frosten i bakken har vore god, for då har gravinga gått betre, særleg i dei markene som vanlegvis er blautast. 

Bjerga sendte også med to oversiktskart, eit over nord og eit over søre delen av Fogn. Kartet viser mellom anna hovudtraseen som Lyse skal laga til. Rosa streker er det som skal gravast, tjukk blå strek skal trekkast på stolpar og grønne streker er der det no ligg røyr. Dei rosa firkantane er skåpa som folk må grave seg til for eiga rekning. Dei som er nær luftspenn må grave til næraste stolpe.

Dei tynne blå linjene viser el-traseane inn til hus og hytter. Heiltrukne linjer er nedgravd, stipla linjer er luftstrekk. 

Meir informasjon kjem til den enkelte når salet har stansa etter påske.

Klikk på lenkene under for å finne aktuelt kart:

Fogn Nord      Fogn Sør