Merk deg desse klokkesletta før helga

Denne helga er det også mange arrangement. Laurdag klokka 18:15 blir det tur i mørke frå skulen, via Peråsen og til Varhaug. Turen er merka med refleks. Ta med lommelykt og støvlar.

Søndag klokka 10:30 er det gudsteneste i kyrkja. 6. klassingar og konfirmantar deltar. Seinare på dagen blir det møte ved indre sjømannsmisjon på bedehuset. Møtet startar klokka 19:00.

resize.ashx.jpg

Flott guttelagsbasar på bedehuset

DSC_0318.JPG

24. november var det guttelagsbasar på bedehuset. På grunn av rehabilering i kjellaren, var basaren og andakten oppe. Jon Olav Østhus leia basaren. Andakten var ved Hilde Malde. Ho fortalde om livet som misjonær i Afrika. Ho viste fram klede frå Afrika. Hilde fortalde også om Sakkeus, medan ho viste lysbilete om forteljinga på veggen.

Mykje drøs, loddsal og gode bollar, før trekkinga av gevinstar.

 

Under kan du sjå bilete:

Eit stort steg i retning fiber!

fiber.jpeg

Rådmannen i Finnøy fortel i dagens utgåve av Øyposten, at det er klart for å signera avtale med Lyse om fiberutbygging på Fogn. På øyane lenger nord i kommunen er det Telenor som har vunne anbudet, og skal leggja til rette for fiber. 

Leiar i grendalaget, Kristoffer Østhus, uttalar til avisa at det er fantastisk at eit lite samfunn som vårt no får fiber, og han meiner at dette er grunn god nok til å heisa flagget!

Så er det ikkje slik at fiberen kjem heilt av seg sjølv, trass i at avtalen med Lyse nå vert signert. Det krev lokal innsats å få grava grøft frå hovudtraseen og inn til kvar hustand, og det gjenstår også salsmøte både på Fogn og for hyttefolk som bur i Stavanger-regionen. Datoar for møta er ikkje sett enno, men det ser ut til å kunna bli i januar, fortel Lysedirektør Ane Marte Økland Hausken til Øyposten.

Prosjektet har leveringsfrist 15. mai 2018, og oppstart av gravinga av hovudtraseen er tenkt alt i desember.

Tomasmesse i kyrkja på onsdag

Velkommen til Tomasmesse i Fogn kyrkje onsdag 15. november klokka 19.00

Namnet Tomasmesse kjem frå læresveinen Tomas som fekk tilnamnet "Tvilaren"

Tomasmesse ideen oppstod i den lutherske kyrkja i Finland på 1890-tallet og har spreidd seg til mange land.

Denne gudstenesten har ein enkel liturgi, gir rom for ettertanke, ein stad der tru og tvil kan møtast, ei vandring i truas og tvilens landskap. 

Ei slik gudsteneste kan vera ei god hjelp til å stoppe opp og tenkje over sitt eige liv, forholdet til seg sjølv og andre og til Gud. 

Sentralt i gudstenesten er bønnevandringa, der du kan vitje ulike stasjonar i kyrkjerommet, du kan tenne lys, ta imot velsigninga osb. Eller du kan sitje i kyrkjebenken i stille ettertanke og høyre fin musikk.

Preika vert erstatta med eit vitnesbyrd eller ein refleksjon. Gudstenesten vert avslutta med fellesskap rundt nattverdbordet.

Velkommen 

 

image.jpg