Fin konsert i kyrkja

Sundag 29. oktober hadde Sevenjentene konsert i kyrkja. Sevenjentene kalla kvelden for vennefest. Dei 7 jentene fortalde om kvar sin venn i Bibelen. Dei song også mange songar som dreia seg om venner. TøfFOGNådig deltok på to songar. Dei hadde også vore på songseminar i timane før konserten.

Ved utgongen kunne dei som ville kjøpe cd og dvd.

Under kan du sjå bilete:

Husk handle lokalt dagen!

Joker Fogn har sendt oss følgjande pressemelding:

Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 21.oktober blir det aksjonsdag for lokal handel på Joker Fogn frå 12.00-15.00.  

 

«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar.

 

Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter

og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

 

Det er venta at 400 butikkar over heile Norge vil delta i den nasjonale kampanjen for lokal handel.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier seniorrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

 

Nærbutikkdagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen. Mange legg opp til ekstra aktivitetar i butikken. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordføraren på besøk.

På Joker Fogn blir det gratis lappar, kake og kaffi. Det blir konkurranse i vedstabling, høgast tårn på 2 min vinner. I tillegg kan dei som handler for 500 kr eller meir i løpet av veka legge igjen kvittering med namn og være med i trekning om å vinne varer for tilsvarande beløp.  

 

- Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi sikre utsette butikkar og skape eit miljø rundt lokalbutikken. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

 

Kontaktpersonar: Ivar Opsal, Joker Fogn, 99567320
Per Kjetil Jørgensen, seniorrådgivar Merkur tlf. 47 34 44 87

 

Innkalling til møte om landbruk

Finnøy Kommune inviterer til følgjande møte:

No er arbeidet med kommuneplanen godt i gang, og sidan LANDBRUK er eit av områda vi særleg skal sjå på ønskjer vi allereie no å snakke med dykk som arbeidar i næringa. 

Vi inviterer derfor til medverknads og dialogmøte onsdag 25 oktober klokka 18.00 – 20.30 i kommunestyresalen på rådhuset. – det blir lett servering☺ 

Agenda for møtet:

18.00 – 18.20 velkommen/ inlegg om kommunplanarbeidet med fokus på landbruk v/kommunalsjef Hilde Gunn Bjelde og landbrukssjef Silke Ullrich. 

18.20 – 18.40 berekraftig landbruk, regional og nasjonale føringer og forventninger v/Anfinn Rosnes ass. Landbruksdirektør. 

18.45 – 20.30 samtale over bordet om utvalgte tema: Kjerneområde landbruk til nytte eller byrde for landbruket? Berekraftig og sterk landbruksnæring, eller auka busetting, er det nødvendigvis motsetningar? Kva med tilleggsnæring i landbruket, når næringa veks ut av løa? Kva er vitsen med kommuneplanen? 

Andre tema kan godt komme opp etter kvart også i møtet. Vi ønskjer å utfordre, lære, og kanskje finne fram til nye tankar saman med dykk. 

Alle er velkomne! 

Beste Helsing Finnøy kommune

Nok ein siger i siste kamp

Søndag 15. oktober kom Buøy til Fogn, for å kjempa om sesongens siste poeng. Førre kamp på Fogn Stadion endte i 3-0 siger. Mange håpa på ein "reprise" frå kampen mot Tjensvoll. Tilskodarane som hadde møtt opp, fekk kaker, vafler og fekk sjå ein særs underhaldane fotballkamp.

Tidleg i kampen scora Lars Olav. Fogn fortsatte presset, Jakob Bø scora nummer to. Like etter reduserte Buøy, 2-1. Så fekk Buøy eit straffespark, dei scora og dermed var ein like langt.

Ørjan Bø nikka ballen i nettet til 3-2. Buøy utligna igjen, og laga gjekk til pause med resultatet 3-3.

Eit stykke ut i 2. omgang fekk Buøy ein mann utvist, etter krangel med dommaren. Etter dette gjekk det lettere for dei blåkledde. Det vart vill jubel når Malvin Skartveit sørga for 4-3 leiing. 

Like før slutt vart Jørgen Bø jr. felt like utenfor 16-meteren. Faren skaut knallhardt rett i mål. Fogn vann kampen 5-3.